9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Ei tid etter dette hadde gjenge fyre seg, hende det at Gud vilde røyna Abraham. Og han sagde til honom: «Abraham!» Og Abraham svara: «Ja, her er eg.»
2Då sagde han: «Tak no son din, din einberningsson, honom som du held so av, Isak, og far til Morialand; der skal du gjera eit brennoffer og ofra honom på eit av fjelli, som eg skal segja deg.»
3Morgonen etter reis Abraham tidleg upp, og klyvja asnet sitt, og tok med seg tvo av drengjerne sine og Isak, son sin. Og då han hadde kløyvt ved til brennofferet, gav han seg på vegen, og gjekk til den staden som Gud hadde sagt.
4Tridje dagen då Abraham skoda kring seg, såg han staden han skulde til, langt burte.
5Då sagde Abraham til drengjerne sine: «Ver no de her hjå asnet. Eg og sveinen, me vil ganga dit burt og beda, og so kjem me hit til dykk att.»
6So tok Abraham offerveden og lagde på Isak, son sin, og sjølv tok han elden og kniven i handi, og so gjekk dei tvo eine.
7Då sagde Isak med Abraham, far sin: «Du far!» sagde han. Og han sagde: «Ja, barnet mitt!» «Sjå, her er elden og veden,» sagde Isak, «men kvar er lambet som me skal ofra?»
8Og Abraham sagde: «Gud veit nok råd til eit offerlamb, barnet mitt.» Og so gjekk dei tvo eine.
9Då dei so kom til den staden som Gud hadde sagt, då bygde Abraham eit altar og lagde veden til rettes. So batt han Isak, son sin, og lagde honom på altaret, ovanpå veden.
10Og Abraham rette ut handi og tok kniven, og vilde ofra son sin.
11Då ropa Herrens engel til honom frå himmelen og sagde: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.»
12Då sagde han: «Legg ikkje hand på sveinen, og gjer honom ikkje noko! For no veit eg at du hev age for Gud, sidan du ikkje ein gong sparde din einberningsson for mi skuld.»
13Då Abraham skoda kring seg, fekk han auga på ein ver, som hekk fast etter horni i kjørri attanfor honom. So gjekk Abraham dit og tok veren, og ofra honom i staden for son sin.
14Og Abraham kalla den staden: «Herren veit råd». Difor segjer dei den dag i dag: «På Herrens fjell veit dei råd.»
15Og Herrens engel ropa endå ein gong frå himmelen til Abraham
16og sagde: «Ved meg sjølv sver eg,» segjer Herren: «for di du gjorde dette, og ikkje ein gong sparde din einberningsson,
17so skal eg storom velsigna deg og auka ætti di endelaust, som stjernorne på himmelen og sanden på havsens strand. Di ætt skal taka borgerne frå sine fiendar,
18og i di ætt skal alle folk på jordi velsignast, for di du lydde etter ordi mine.»
19So gjekk Abraham attende til drengjerne sine, og dei tok på heimvegen, og fylgdest åt til Be’erseba. Og Abraham vart buande i Be’erseba.
20Ei tid etter dette hadde hendt, kom det ein og sagde med Abraham: «Nahor, bror din, og Milka hev og fenge born:
21Us, som er eldst, og Buz, bror hans, og Kemuel, far til Aram,
22og Kesed og Haso og Pildas og Jidlaf og Betuel.»
23Og Betuel var far åt Rebekka. Desse åtte sønerne fekk Nahor, bror åt Abraham, med Milka.
24Og med fylgjekona si, ho heitte Re’uma, fekk han og born; det var Tebah og Gaham og Tahas og Ma’aka.