1Kong David var no gamall og ut i åri komen, og han kunde ikkje halda varmen i seg, endå dei bredde klæde yver honom.
2Då sagde tenarane hans til honom: «Ein trong finna ei ung kvinna åt min herre kongen, ei ung møy som kunde vera hjå kongen og vyrdsla honom. Fekk ho liggja i fanget ditt, vart min herre kongen varm.»
3So leita dei då i heile Israelslandet etter ei fager gjenta, og dei fann Abisag frå Sunem og for til kongen med henne.
4Det var ei ovende væn gjenta; ho stelte for kongen og tente honom. Men elles hadde ikkje kongen umgjenge med henne.
5Men Adonia, som var son åt Haggit, gjorde seg sjølv høg og sagde: «Eg vil vera konge.» Han fekk seg vogner og hestfolk og femti mann som skulde springa fyre honom.
6Far hans hadde aldri såra honom noko sinn og sagt: «Kvi fer du soleis åt?» Han var attåt født ein ovvæn kar, og mor hans hadde født honom næst etter Absalom.
7Han gjekk på råd med Joab Serujason og med presten Abjatar, og dei slo lag med Adonia og hjelpte honom.
8Presten Sadok og Benaja Jojadason og profeten Natan, Sime’i og Re’i og stridskjemporne åt David heldt derimot ikkje med Adonia.
9Adonia slagta småfe og uksar og gjødkalvar ved Ormsteinen, som ligg attmed Rogel-kjelda; og han bad til seg dit alle brørne sine, kongssønerne, og alle dei Juda-menner som var i tenesta hjå kongen.
10Men profeten Natan og Benaja og stridskjemporne og Salomo, bror sin, bad han ikkje.
11Då tala Natan til Batseba, mor åt Salomo, soleis: «Du hev vel høyrt at Adonia, son åt Haggit, er vorten konge utan at vår herre David veit noko det um det?
12No vil eg gjeva deg ei råd, so du kann berga livet for deg sjølv og for Salomo, son din!
13Gakk inn til kong David og seg til honom: «Herre konge, hev du ikkje lova tenestkvinna di med eid at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja i din kongsstol? Kvifor hev då Adonia vorte konge?»
14Og medan du stend der og talar med kongen, skal eg koma inn og sanna det du segjer.»
15Batseba gjekk då inn i sengromet til kongen. Kongen var mykje gamall no, og Abisag frå Sunem tente honom.
16Batseba bøygde seg og kasta seg ned for kongen. Då spurde kongen: «Kva er det du vil?»
17Ho svara honom: «Herre, ved Herren, din Gud, hev du lova tenestkvinna di med eid, at Salomo, son min, skal vera konge etter deg; han skal sitja i kongsstolen din.
18Men sjå no er Adonia vorten konge, utan at du, herre konge, veit um det.
19Han hev slagta uksar og gjødkalvar og småfe i mengd og bede til seg alle kongssønerne og presten Abjatar og herføraren Joab; men Salomo, tenaren din, hev han ikkje bede.
20Heile Israel vender no augo til deg, herre konge, og ventar at du skal kunngjera kven som skal sitja i kongsstolen etter dine dagar, herre konge.
21Utan kann det henda, at når min herre kongen hev lagt seg til kvile hjå federne sine, so vert eg og Salomo, son min, rekna for brotsmenner.»
22Medan ho endå stod der og tala med kongen, kom profeten Natan.
23Og dei vitra kongen um det og sagde: «Profeten Natan er her.» Han steig fram for kongen og kasta seg å gruve på jordi for honom.
24So sagde Natan: «Herre konge, er det so du hev sagt at Adonia skal verta konge etter deg, at han skal sitja i kongsstolen din?
25Ja, for i dag hev han fare ned og slagta uksar og gjødkalvar og sauer i mengd og hev bede til seg alle kongssønerne og herførarane og presten Abjatar, og no et dei og drikk dei i lag med honom og ropar: «Live kong Adonia!»
26Men meg, tenaren din, og presten Sadok og Benaja Jojadason og din tenar Salomo hev han ikkje bede.
27Kann dette vera gjort etter din vilje, herre konge, utan at du hev late tenarane dine vita kven som skal sitja i kongsstolen din etter deg, herre konge?»
28Då svara kong David og sagde: «Ropa Batseba hit til meg!» Ho steig hitåt, og då ho stod der framfor kongen,
29svor kongen og sagde: «So sant Herren liver, han som hev løyst meg or all trengsla:
30liksom eg fyrr hev svore deg til ved Herren, Israels Gud, og sagt at Salomo, son din, skal verta konge etter meg og sitja i kongsstolen i min stad, so gjer eg det og i dag.»
31Då bøygde Batseba seg med andlitet mot jordi og kasta seg ned for kongen og sagde: «Gjev herren min, kong David, må liva i all æva!»
32Og kong David sagde: «Ropa inn til meg presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason!» Då dei kom fram for kongen,
33sagde kongen til deim: «Tak tenarane åt herren dykkar med dykk og set Salomo, son min, på mitt eige muldyr og far med honom ned til Gihon.
34Der skal Sadok, presten, og Natan, profeten, salva honom til konge yver Israel, og de skal blåsa i lur og ropa: «Live kong Salomo!»
35So skal de fylgja honom upp att, og han skal koma og setja seg i kongsstolen min; og han skal vera konge i min stad. For det er honom eg hev sett til hovding yver Israel og Juda.»
36Då svara Benaja Jojadason kongen og sagde: «Amen! Må Herren, din Gud, herre konge, segja det same!
37Herren vere Salomo som Herren hev vore med deg, herre konge, og gjere hans kongsstol endå veldugare enn kongsstolen til min herre, kong David!»
38So gjekk då presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason saman med livvakti av og sette Salomo på muldyret åt kong David og for med honom ned til Gihon.
39Og presten Sadok tok oljehornet or tjeldet og salva Salomo; so blæs dei i lur, og heile lyden ropa: «Live kong Salomo!»
40Sidan fylgde heile folkemengdi honom upp att med slik fløyteblåster og stor fagnad at jordi kunde ha rivna av ropi deira.
41Men Adonia og alle gjesterne som var hjå honom, høyrde dette nettupp då dei var ferdige med måltidi; og då Joab høyrde lurblåsteren, sagde han: «Kva er dette for glam og ståk i byen?»
42I same stundi kom Jonatan, son åt presten Abjatar, og Adonia sagde: «Kom hit! du er ein fagnamann, som visst hev eit gledebod å bera.»
43Men Jonatan svara honom: «Å nei då; herren vår, kong David, hev gjort Salomo til konge.
44Kongen sende presten Sadok og profeten Natan og Benaja Jojadason og livvakti i veg med honom, dei hev sett honom på muldyret åt kongen.
45So hev presten Sadok og profeten Natan salva honom til konge i Gihon, og med fagnad hev dei fare upp att derifrå, og heile byen er komen på føterne. Det er det ståket de hev høyrt.
46Salomo hev no alt og sett seg i kongsstolen.
47Og kongsmennerne er komne og hev ynskt vår herre kong David til lukka og sagt: «Gjev no din Gud vil lata namnet åt Salomo verta endå gjævare enn ditt eige, og kongsstolen hans endå veldugare enn din kongsstol!» Og kongen heldt bøn på lega si.
48Kongen hev og sagt: «Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag hev sett ein ettermann i kongsstolen min, so eg kann sjå det med eigne augo!»»
49Då vart alle gjesterne hjå Adonia forstøkte, reis upp og tok ut kvar sin veg.
50Men Adonia ræddast Salomo, so han reis upp og gjekk av og greip um altarhorni.
51Og dei vitra Salomo um det og sagde: «Sjå, Adonia ræddast kong Salomo; difor hev han gripe um altarhorni og segjer: «Kong Salomo skal lova meg med eid i dag at han ikkje drep tenaren sin med sverd.»»
52Då sagde Salomo: «Vil han bera seg åt som ein fagnamann, so skal ikkje eit hår av hovudet hans falla til jordi; men syner det seg at han fer med noko vondt, so skal han døy.»
53So sende kong Salomo folk av stad, og dei førde honom ned ifrå altaret; han kom då og kasta seg ned for kong Salomo, og Salomo sagde til honom: «Gakk heim!»