9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Sønerne åt Juda var Peres, Hesron og Karmi og Hur og Sobal.
2Og Reaja, son åt Sobal, vart far til Jahat, og Jahat vart far til Ahumai og Lahad; dette var soratit-ætterne.
3Og dette var sønerne åt Abi-Etam: Jizre’el og Jisma og Jidbas - og syster deira heitte Haslelponi -
4og dessutan Penuel, far åt Gedor, og Ezer, far åt Husa. Desse var søner åt Hur, eldste son hans Efrata, far åt Betlehem.
5Og Ashur, far åt Tekoa, hadde tvo konor, Hela og Na’ara.
6Med Na’ara fekk han Ahuzzam og Hefer, og Temeni og ahastaritarne; dette var sønerne hennar Na’ara.
7Og sønerne hennar Hela var Seret og Jishar og Etnan.
8Og Kos vart far til Anub og Hassobeba, og ætterne hans Aharhel, son åt Harum.
9Men Jabes var den gjævaste av brørne; mor hans hadde gjeve honom namnet Jabes, med di ho sagde: «Med verk og vande hev eg ått honom.»
10Og Jabes kalla på Israels Gud og sagde: «Um du vilde velsigna meg og auka landviddi mi og lata di hand vera med meg, og um du vilde bægja for det som vondt er, so eg slepp å kjenna nokon verk!» Og Gud let det verta soleis som han bad um.
11Og Kelub, bror hans Suha, fekk sonen Mehir; han var far åt Eston.
12Og Eston var far til Bet-Rafa, Paseah og Tehinna, far åt Ir-Nahas. Dette var mennerne frå Reka.
13Og sønerne hans Kenaz var Otniel og Seraja; og son åt Otniel var Hatat.
14Og Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, far til ætti i Timbremannsdalen; for dei var timbremenner.
15Og sønerne hans Kaleb Jefunneson var Iru, Ela og Na’am, og son åt Ela var Kenaz.
16Og sønerne hans Jehallelel var Zif og Zifa, Tirja og Asarel.
17Og sønerne hans Ezra var Jeter og Mered og Efer og Jalon. Og kvinna vart med barn og åtte Mirjam, Sammai og Jisbah, far åt Estemoa.
18Og jøde-kona hans åtte Jered, far hans Gedor, og Heber, far åt Soko, og Jekutiel, far åt Zanoah; men dei hine var søner åt Bitja, dotter åt Farao, som Mered hadde teke til kona.
19Og sønerne åt kona hans Hodia, syster hans Naham, var far åt Ke’ila, garmiten, og ma’akatiten Estemoa.
20Og sønerne hans Simon var Amnon og Rinna, Ben-Hanan og Tulon. Og sønerne hans Jisi var Zohet og son åt Zohet.
21Og sønerne hans Sela Judason var Er, far åt Leka, og Lada, far åt Maresa, og linarbeidar-ætterne av Asbea-huset,
22dessutan Jokim og mennerne i Kozeba og Joas og Saraf, som vart herre yver Moab, og dertil Jasubi-Lehem. Men dette høyrer til gamall tid.
23Dette var pottemakarane og folket Netajim og Gedera; dei budde der hjå kongen og var i hans arbeid.
24Sønerne hans Simeon var Nemuel og Jamin, Jarib, Zerah, Saul.
25Son hans var Sallum; hans son var Mibsam; hans son var Misma.
26Sønerne åt Misma var Hammuel, son hans, Zakkur, hans son, og Sime’i, hans son.
27Og Sime’i hadde sekstan søner og seks døtter; men brørne hans hadde ikkje mange born. Og heile ætti deira aukast ikkje so mykje som Juda-sønerne.
28Og dei budde i Be’erseba og Molada og Hasar-Sual,
29i Bilha, Esem og i Tolad,
30i Betuel, i Horma og Siklag,
31i Bet-Markabot, i Hasar-Susim, i Bet-Biri og i Sa’arajim. Dette var byarne deira alt til David vart konge.
32Og i landsbyarne deira var Etam og Ajin, Rimmon, Token og Asan, fem byar,
33og dertil alle bygderne deira som låg ikring desse byarne, alt til Ba’al; dette var bustaderne deira, og dei hadde ei ættarlista for seg sjølve.
34Og Mesobab, Jamlek og Josa, son åt Amasja,
35og Joel og Jehu, son åt Josibja, son åt Seraja, son åt Asiel,
36og Eljoenai, Ja’akoba, Jesohaja, Asaja, Adiel, Jesimiel og Benaja,
37og Ziza, son åt Sifi, son åt Allon, son åt Jedaja, son åt Simri, son åt Semaja.
38Desse som no er nemnde, var hovdingar i ætterne sine, og ættgreinerne deira breidde seg ut og vart mangmente.
39Og dei drog fram mot Gedor alt til austsida av dalen og skulde finna beite åt buskapen sin.
40Og dei fann feitt og godt beite, og landet var vidt og romt, og det var stilt og fredsamt; for dei som budde der fyreåt, var ætta frå Kham.
41Men desse som her er uppskrivne med namn, kom då Hizkia var konge i Juda, og øydelagde tjeldbuderne deira og hogg ned dei me’unitarne som der var, og bannstøytte deim, so dei no ikkje meir er til, og dei slo seg ned der i staden deira; for der var det beite for buskapen deira.
42Og det var fem hundrad mann av deim, av Simeons-sønerne, som for til Se’irfjelli, og Pelatja og Nearja og Refaja og Uzziel, sønerne hans Jisi, var fyregangsmennerne deira.
43Og dei drap den siste leivningen amalekitarne; so slo dei seg ned der, og bur der den dag i dag.