9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Det var straks fyre påskehøgtidi: Jesus visste at hans time var komen då han skulde fara burt frå denne verdi og heim til Faderen, og som han hadde elska sine eigne, som var i verdi, so elska han deim til enden.
2Då dei heldt kveldverd, og djevelen alt hadde skote det i hugen på Judas Simonsson Iskariot at han skulde svika honom,
3og då Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hender, og at han var komen frå Gud og gjekk til Gud,
4so reiser han seg frå bordet og legg av seg kjolen sin, og tek eit handklæde og batt um seg;
5so slær han vatn i vaskarfatet og tok til å två føterne åt læresveinarne og turka dei med handklædet som han hadde bunde kring livet.
6Han kjem då til Simon Peter, og han segjer til honom: «Herre, tvær du mine føter?»
7Jesus svara honom so: «Kva det er eg gjer, veit du ikkje no, men du skal skyna det sidan.»
8«Aldri i verdi skal du två mine føter,» segjer Peter. «Dersom eg ikkje tvær deg, hev du ingen ting i hop med meg,» svara Jesus.
9Simon Peter segjer til honom: «Herre, ikkje berre føterne, men henderne og hovudet med!»
10«Den som hev lauga seg, treng ikkje två anna enn føterne; elles er han heiltupp rein,» segjer Jesus; «og de er reine, men ikkje alle.»
11Han visste kven som skulde svika honom; difor var det han sagde: «De er ’kje reine alle.»
12Då han no hadde tvege føterne deira og teke på seg kjolen sin og sett seg til bords att, sagde han til deim: «Skynar de kva det er eg hev gjort med dykk?
13De kallar meg «Meister» og «Herre,» og det segjer sant; for det er eg.
14Hev no eg, herren og meisteren, tvege føterne dykkar, so lyt de og två føterne åt kvarandre.
15Det er eit mynster eg hev synt dykk; som eg gjorde med dykk, so skal de og gjera.
16Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein ærendsvein er ikkje større enn den som hev sendt honom.
17Veit de det, so er de sæle, so sant de gjer etter det.
18Eg talar ikkje um dykk alle; eg veit kven eg valde ut; men det var so Skrifti skulde sannast: «Den som et mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.»
19Eg segjer dykk det alt no, fyrr det hev hendt, so de, når det hender, skal tru at eg er den eg er.
20Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg.»
21Då Jesus hadde sagt det, vart han uppøst i åndi, og sagde sterkt og ålvorsamt: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein av dykk kjem til å svika meg!»
22Læresveinarne såg på kvarandre og kunde ikkje skyna kven det var han meinte.
23Ein av læresveinarne - den som Jesus elska - sat ved hans høgre sida.
24Honom gjer Simon Peter eit teikn til, og segjer til honom: «Seg kven det er han meiner!»
25Han bøygde seg då næmare innåt Jesus, og segjer til honom: «Herre, kven er det?»
26«Det er han som eg gjev den biten eg no duppar i fatet,» svara Jesus. So duppar han biten, og tek og gjev honom til Judas Simonsson Iskariot.
27Og då han hadde fenge biten, då for Satan i honom. So segjer Jesus til honom: «Gjer det snart, det du vil gjera!»
28Men ingen av deim som sat med til bords, skyna kva han meinte med det han sagde til honom.
29Sidan det var Judas som hadde kassa, tenkte sume at Jesus vilde segja som so: «Kjøp det me treng til høgtidi!» eller at han skulde gjeva noko til dei fatige.
30Med det same Judas hadde teke mot biten, gjekk han ut. Det var natt.
31Då han var gjengen, sagde Jesus: «No er Menneskjesonen herleggjord, og Gud er herleggjord i honom.
32Er Gud herleggjord i honom, so skal Gud og herleggjera honom i seg sjølv, og han skal herleggjera honom snart.
33Berre ei liti stund er eg endå hjå dykk, borni mine. De kjem til å leita etter meg, og som eg sagde til jødarne: «Dit eg gjeng, kann ikkje de koma,» so segjer eg no til dykk og.
34Eit nytt bod gjev eg dykk: at de skal elska kvarandre; liksom eg hev elska dykk, so skal de og elska kvarandre.
35På det skal alle skyna at de er mine læresveinar - på det at de hev kjærleik til kvarandre.»
36Simon Peter segjer til honom: «Herre, kvar gjeng du av?» Jesus svara: «Dit eg gjeng, kann du ikkje fylgja meg no, men du skal fylgja meg sidan.»
37«Kvi kann eg ikkje fylgja deg straks, Herre?» segjer Peter; «eg vil gjeva mitt liv for deg!»
38«Vil du gjeva ditt liv for meg?» svara Jesus; «det segjer eg deg for visst og sant: Hanen skal ikkje gala fyrr du hev avneitta meg tri gonger.»