9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
2Gløym ikkje gjestmilda! for ved den hev nokre havt englar til gjester, utan dei visste det.
3Kom i hug deim som er fangar, som var de deira medfangar, deim som lid vondt, sidan de og sjølve er i likamen!
4Egteskapet vere i agt og æra hjå alle, og egtesengi usmitta! for lauslivande og horkarar skal Gud døma.
5Lat dykkar ferd vera utan pengehug, og ver nøgde med det de hev! for han hev sagt: «Eg skal so visst ikkje sleppa deg og ikkje slå handi av deg,»
6so me hugheilt kann segja: «Herren er min hjelpar, eg vil ikkje ottast; kva kann eit menneskje gjera meg?»
7Kom i hug dykkar forstandarar som hev tala Guds ord til dykk! sjå utgangen på deira ferd, og fylg so etter deira tru!
8Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til æveleg tid.
9Lat dykk ikkje føra vilt av mangfaldige og framande lærdomar! for det er godt at hjarta vert styrkt ved nåden, ikkje ved mat, som ikkje hev gagna deim som for dermed.
10Me hev eit altar som dei ikkje hev lov til å eta av, som tener ved tjeldet.
11For dei dyr som blodet vert teke av og bore til soning for synd inn i heilagdomen ved øvstepresten, deira kroppar vert uppbrende utanfor lægret.
12Difor leid og Jesus utanfor porten, so han ved sitt eige blod kunde helga folket.
13Lat oss då ganga ut til honom utanfor lægret, so me ber hans vanæra!
14For me hev ikkje her ein varande by, men søkjer den komande.
15Lat oss då ved honom alltid bera fram til Gud lovoffer, det er: frukt av lippor som lovar hans namn!
16Men gløym ikkje å gjera godt og gjeva andre med dykk! for slike offer hev Gud hugnad i.
17Fylg dykkar forstandarar og lyd deim! for dei vaker yver sjælerne dykkar som dei som skal gjera rekneskap, so dei kann gjera det med gleda og ikkje sukkande, for det er dykk ikkje til gagn.
18Bed for oss! for me trur at me hev eit godt samvit, og me vil gjerne fara rett åt i alle måtar.
19Og eg bed dykk so mykje meir um å gjera dette, so eg snarare kann verta gjeven dykk att.
20Men fredsens Gud, han som i kraft av æveleg pakts blod førde den store hyrding for sauerne, vår Herre Jesus, upp frå dei daude,
21han gjere dykk full-dugande i all god gjerning, so de gjer hans vilje, med di han verkar i dykk det som er til hugnad for honom, ved Jesus Kristus! Honom vere æra i all æva! Amen.
22Eg bed dykk, brør, tak dette påminningsordet vel upp, for eg hev skrive stutt til dykk.
23Vit, at bror vår Timoteus er gjeven fri; saman med honom vil eg sjå dykk, um han kjem snart.
24Helsa alle dykkar forstandarar og alle dei heilage! Dei frå Italia helsar dykk.