9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1I Jeriko læste dei portarne og stengde seg inne for Israels-sønerne skuld; ingen gjekk ut, og ingen kom inn.
2Men Herren sagde til Josva: «Sjå no gjev eg Jeriko i dine hender, med kongen og kjemporne hans!
3Lat alt herfolket ganga rundt ikring byen ei venda um dagen; so skal du gjera i seks dagar;
4og sju prestar skal bera sju stridslurar framfyre sambandskista. Men den sjuande dagen skal de ganga sju vendor kring byen, og prestarne skal blåsa i lurarne.
5Og når stridshornet tek til å ljoma med lange tonar, og de høyrer lurljoden, skal heile heren setja i og ropa so sterkt dei kann; då skal muren ramla ned, so folket kann stiga yver han, beint inn i byen.»
6Då kalla Josva Nunsson på prestarne og sagde til deim: «No skal de taka sambandskista og bera henne, og sju prestar skal bera sju stridslurar framfyre Herrens kista.»
7Og til folket sagde han: «Tak no i veg og gakk kringum byen! Dei herbudde skal ganga framfyre Herrens kista!»
8Då Josva hadde sagt dette til folket, gjekk dei i vegen dei sju prestarne som bar dei sju stridslurarne for Herrens åsyn; dei bles i lurarne, og Herrens sambandskista fylgde etter deim.
9Dei herbudde gjekk fyre prestarne som bles i lurarne, og dei som var attarst i ferdi, gjekk etter sambandskista, og lurarne ljoma i eino.
10Men Josva sagde til folket: «De må ikkje ropa, og ikkje lata upp målet! Ikkje eit ord må koma frå munnen dykkar, fyrr den dagen eg segjer til dykk: «Ropa no!» Då skal de ropa.»
11So for Herrens kista heilt ikring byen ei venda; sidan drog dei inn i lægret og var der um natti.
12Morgonen etter var Josva tidleg uppe, og prestarne tok og bar Herrens kista.
13Og dei sju prestarne bar dei sju stridslurarne framfyre Herrens kista og bles alt i eitt i lurarne. Dei herbudde gjekk fyre deim, og dei som attarst var, gjekk etter Herrens kista, medan lurarne ljoma i eino.
14Soleis for dei den andre dagen ei venda kring byen og gjekk so attende til lægret. So gjorde dei i seks dagar.
15Den sjuande dagen reis dei upp med same det tok til å dagast, og gjekk sju vendor kring byen; dei for like eins åt som fyrr, berre at dei den dagen gjekk sju vendor kring byen.
16Då no prestarne bles i lurarne den sjuande gongen, då sagde Josva til folket: «Ropa no! For Herren hev gjeve dykk byen.
17Og byen med alt det som i honom er, skal vera vigd til Herren og bannstøytt. Berre Rahab, skjøkja, og alle som er i huset hjå henne, skal få liva, for di ho løynde dei mennerne me sende ut.
18Agta no de dykk berre for det som er vigt, so de ikkje fyrst vigjer og sidan tek av det vigde, og soleis fører forbanning og ulukka yver Israels-lægret.
19Men alt sylvet og gullet og alle ting som er av kopar eller jarn, skal helgast til Herren og koma i Herrens skattkammer.»
20So tok folket til å ropa, og dei bles i lurarne; og då folket høyrde lurljoden, sette dei i med eit øgjeleg herskrik; då ramla muren ned, og folket steig beint inn i byen, og då dei hadde teke honom,
21bannstøytte dei alt som fanst der; både menner og kvinnor, både unge og gamle, både uksar og sauer og asen hogg dei ned.
22Men Josva sagde til dei tvo mennerne som hadde njosna der i landet: «Gakk inn i huset åt skjøkja og få med dykk ut både kvinna sjølv og alt folket hennar, soleis som de hev lova henne!»
23So gjekk dei inn, dei unge mennerne som hadde vore der og njosna, og dei henta Rahab og foreldri og brørne hennar og alle andre som høyrde til ætti: alt skyldfolket hennar henta dei ut og fann deim ein verestad utanfor Israels-lægret.
24Byen brende dei upp med alt som i honom var; men sylvet og gullet og alle ting som var av kopar eller jarn, lagde dei ned i skattkammeret i Herrens hus.
25Josva let Rahab, skjøkja, få liva, og heile huslyden og alt skyldfolket hennar, og sidan hev ho og ætti hennar fenge bu millom Israels-folket alt til denne dag, for di ho løynde dei mennerne som Josva hadde sendt av stad til å njosna i Jeriko.
26Den gongen lyste Josva ei våbøn, og kvad: «Til vå og våde vere vigd den mannen som vågar byggja upp av nyom byen Jeriko! Når han hev tufta, tape han den fyrste sonen, som han fekk! Og når han set inn portarne, misse han yngste sonen sin!»
27Soleis var Herren med Josva, og det gjekk gjetord um honom yver heile landet.