9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Ammoniten Nahas drog upp og kringsette Jabes i Gilead. Då sagde alle Jabes-buarne med Nahas: «Gjer forlik med oss, so skal me tena deg!»
2Men ammoniten Nahas svara deim: «Ja, på det vilkåret gjer eg forlik med dykk, at eg sting ut høgre auga på dykk alle, til skjemsla for heile Israel.»
3Styresmennerne i Jabes sagde til honom: «Gjev oss sju dagar frest, so me fær skikka bod yver heile Israelsriket. Er det so ingen som bergar oss, so skal me gjeva oss yver til deg.»
4Då sendebodi kom til Sauls Gibea og lagde fram saki fram for folket, brast heile folket i gråt.
5Saul kom nett heim frå åkeren attum uksarne. Han spør: «Kva hev kome åt folket, etter di dei græt?» Dei fortalde honom det som Jabes-buarne hadde sagt.
6Då Saul høyrde dette, kom Guds ande yver honom; harmen loga upp i honom;
7og han tok tvo uksar, lema deim sund og sende stykki rundt i heile Israelsriket med sendebod som sagde: «Den som ikkje fylgjer Saul og Samuel, hans uksar skal fara soleis.» Ei rædsla frå Herren fall på heile folket. Og ut drog dei, alle som ein.
8Han mynstra heren i Bezek; Israels-sønerne talde tri hundrad tusund, og Juda-folki tretti tusund.
9Dei sagde med sendemennerne som var komne: «So skal det segja med Jabes-buarne i Gilead: «I morgon ved høgstedags leite skal de få hjelp!»» Då sendemennerne kom heim og fortalde det til Jabes-buarne, vart dei glade.
10Og dei sagde til Nahas: «I morgon skal me gjeva oss yver til dykk; då fær de gjera med oss som de tykkjer.»
11Morgonen etter skifte Saul folket i tri flokkar. Og dei braut seg inn i lægret fyrstundes i otta, og hogg ned ammonitarne frå morgonen til høgstedags leite. Dei som slapp undan, vart spreidde til alle kantar, so det vart ikkje att tvo i lag.
12Då sagde folket med Samuel: «Kven var det som sagde: «Skal Saul vera konge yver oss?» Lat oss få tak i dei kararne, so vil me drepa deim.»
13Men Saul sagde: «Ingen skal drepast i dag. For i dag hev Herren gjeve Israel siger.»
14Og Samuel sagde med folket: «Kom, lat oss ganga til Gilgal og nya upp kongedømet der!»
15Og heile folket gjekk til Gilgal, og gjorde Saul til konge der framfor Herren i Gilgal, og ofra takkoffer framfor Herren. Og alle Israels-mennerne gledde seg med ovstor fagnad.