9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Paulus, Kristi Jesu apostel ved Guds vilje, og broderen Timoteus
2til dei heilage og truande brør i Kristus i Kolossæ: Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader!
3Me takkar alltid Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, når me bed for dykk,
4sidan me høyrde um dykkar tru på Kristus Jesus og den kjærleik de hev til alle dei heilage,
5for den von skuld som er gøymd åt dykk i himmelen, den som de fyrr hev høyrt um gjenom sannings-ordet i evangeliet,
6som er kome til dykk, liksom det og er i heile verdi og ber frukt og veks som hjå dykk frå den dag då de høyrde det og lærde å kjenna Guds nåde i sanning,
7so som de hev lært av Epafras, vår kjære medtenar, som er ein tru Kristi tenar for dykk,
8som og hev fortalt oss um dykkar kjærleik i Anden.
9Difor held me, frå den dag me høyrde det, ikkje heller upp med å gjera bøn for dykk og beda um at de må verta fyllte med kunnskap um hans vilje i all åndeleg visdom og skynsemd,
10so de må ferdast verdigt for Herren til all hugnad, so de ber frukt og veks i all god gjerning ved kunnskapen um Gud,
11so de vert styrkte med all styrke etter hans herlegdoms kraft til alt tolmod og langmod,
12so de med gleda takkar Faderen som gjorde oss duglege til å få arvlut med dei heilage i ljoset,
13han som fria oss ut frå myrkers magt og sette oss yver sin kjære Sons rike.
14I honom hev me utløysingi, forlating for synderne.
15Og han er eit bilæte av Gud den usynlege, den fyrstefødde framfor all skapning;
16for i honom er alle ting skapte, dei i himmelen og dei på jordi, dei synlege og dei usynlege, anten det so er kongssæte eller herredøme eller magter eller yverråder; alle saman er dei skapte ved honom, og til honom,
17og han er fyrr enn alle ting, og alle ting stend ved lag i honom.
18Og han er hovudet for likamen, som er kyrkja, han som er upphavet, den fyrstefødde av dei daude, for at han i alle måtar skulde vera den fremste.
19For i honom tektest det Gud, at heile hans fylla skulde bu,
20og ved honom å forlika alle ting med seg, med di han gjorde fred med blodet på krossen hans - ved honom, anten det so er dei på jordi eller dei i himmelen.
21Ogso dykk som fordom var framande vortne og fiendar ved dykkar huglag, i dei vonde gjerningar,
22dykk hev han no forlikt i hans kjøts likam ved dauden, for å stella dykk fram heilage og ulastande og uklandrande for si åsyn,
23so framt de vert verande i trui, grunnfeste og trauste, og ikkje let dykk rikka frå den voni evangeliet gjev, det som de hev høyrt, som er forkynt for kvar skapning under himmelen, og som eg, Paulus, vart tenar for.
24No gleder eg meg yver mine lidingar for dykk og utfyller i mitt kjøt det som endå vantar i Kristi trengslor, for hans likam som er kyrkja,
25som eg hev vorte tenar til etter det Guds hushald som eg hev fenge millom dykk, det vil segja å fullføra Guds ord,
26den løyndomen som var duld frå alle tider og ætter vart til, men no er openberra for hans heilage,
27som Gud vilde kunngjera, kor rik på herlegdom denne løyndomen er millom heidningarne, det er Kristus millom dykk, voni um herlegdom.
28Og honom forkynner me, med di me påminner kvart menneskje og lærer kvart menneskje med all visdom, so me kann framstella kvart menneskje fullkome i Kristus.
29For dette arbeider eg og, med di eg strider med hans kraft som verkar i meg med styrke.