1Send brødet ditt burt yver vatnet; for lenge etterpå finn du det att.
2Skift ut til sju, ja til åtte, for du veit ikkje kva ilt som kann koma yver jordi.
3Når skyerne av regn vert fulle, so tømer dei det ut på jordi, og um eit tre dett imot sud ell’ nord - der treet dett, der vert det liggjande.
4Den som agtar på vinden, kjem ei til å så, og den som på skyerne ser, kjem ikkje til å hausta.
5Liksom du ikkje veit kva veg vinden fer, eller korleis beini vert til i hennar liv som er med barn, soleis kjenner du ikkje heller Gud gjerning, han som gjer alt.
6Så ditt sæde um morgonen, og ei kvile handi i kveldingi! For du veit ikkje kva som vil lukkast av dette og hitt, eller um båe måtar er godt.
7Ljuvlegt er ljoset, og augo hev godt av soli å sjå.
8Ja, um ein mann liver mange år, so skal han gleda seg i deim alle, men minnast dei myrke dagar og vert mange. Alt som koma skal, er fåfengt.
9Gled deg, du ungdom, med du er ung, ver godt i laget i ungdoms-åri, og far dei vegar som hugen vil, og fylg det som lokkar augo. Men det skal du vita at for alt dette vil Gud draga deg til doms.
10Få gremmelse ut or hugen din, haldt liding burte frå likamen din! for ungdom og morgonrode er fåfengd.