1Det året då kong Uzzia døydde, såg eg Herren sitja på ein høg og hæv kongsstol, og slæpet på klædnaden hans fyllte templet.
2Serafar stod ikring honom. Kvar av deim hadde seks vengjer: med tvo gøymde dei andliti sine, med tvo gøymde dei føterne sine, og med tvo flaug dei.
3Og den eine ropa til den andre og sagde: «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot, all jordi er full av hans æra!»
4Grunnen under dørstokkarne riste når ropet ljoma, og huset vart fyllt med røyk.
5Då sagde eg: «Usæl er eg, no er ute med meg! for eg er ein mann med ureine lippor, og eg bur millom eit folk med ureine lippor, og augo mine hev set kongen, Herren, allhers drott!»
6Men ein av serafarne flaug fram til meg, han hadde i handi ein glod som han med ei tong hadde teke på altaret.
7Med den rørde han ved munnen min, og so sagde han: «Sjå, denne hev rørt ved lipporne dine, no er di misgjerd burte, og di synd er sona.»
8Og eg høyrde Herren tala og sagde: «Kven skal eg senda, og kven vil vera vår bodberar?» Då sagde eg: «Sjå her er eg, send meg!»
9Og han sagde: «Gakk av stad og seg til dette folket: «Høyr og høyr, men håtta ikkje! Sjå og sjå, men skyna ikkje!»
10Gjer hjarta hardt på dette folket, gjer øyro dauvhøyrt og gjer augo blinde, so dei ikkje ser med augo eller høyrer med øyro eller skynar med hjarta, og vender um og vert lækte.»
11Men eg sagde: «Kor lenge, Herre?» Han sagde: «Til dess byarne ligg aude og tome, og husi stend utan folk, og landet ligg att som ei øydemark,
12til dess Herren hev sendt folket langt burt, og øydestaderne hev vorte mange i landet.
13Og finst det endå att ein tiandepart, so skal den og øydast ut liksom ei terebinta eller ei eik, som berre rotstuven er att av, når dei vert nedhogne. Denne stuven skal vera eit heilagt sæde.»