9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1So for Abram frå Egyptarland upp til Sudlandet med kona si og alt det han åtte, og Lot var med honom.
2Og Abram var ovleg rik, både på bufe og på sylv og på gull.
3Sidan for han frå Sudlandet, dagsleid etter dagsleid, til dess han kom til Betel, til den staden som han fyrr hadde havt tjeldbudi si, millom Betel og Aj,
4der det altaret stod som han hadde bygt fyrste gongen han var der. Og der kalla Abram på Herren.
5Men Lot, som fylgdest med Abram, hadde og sauer og naut og tjeldbuder.
6Og landet kunde ikkje føda deim, når dei budde i hop; dei hadde so mykje fe at dei kunde ikkje bu saman.
7So vart det trætta millom deim som gjætte for Abram og deim som gjætte for Lot. Og kananitarne og perizitarne budde då der i landet.
8Då sagde Abram med Lot: «Kjære deg, lat det ikkje vera trætta millom meg og deg, og millom mine hyrdingar og dine. Me er då brør!
9Hev du ikkje heile landet fyre deg? Skil då heller lag med meg! Tek du til vinstre, so skal eg taka til høgre, og tek du til høgre, so skal eg taka til vinstre.»
10Då skoda Lot ikring seg, og såg at heile Jordan-kverven, alt burtåt Soar, var rik på vatn yver alt, som Herrens hage, som Egyptarlandet - fyrr Herren lagde Sodoma og Gomorra i øyde.
11Og Lot valde seg ut heile Jordan-kverven. So tok Lot austigjenom, og dei skildest frå einannan:
12Abram vart buande i Kana’ans-land, og Lot budde i byarne i Jordan-kverven, og lægra alt burtåt Sodoma.
13Men mennerne i Sodoma var vonde, og synda groveleg mot Herren.
14Og Herren sagde til Abram, etter Lot hadde skilt lag med honom: «Lat upp augo dine og sjå ikring deg frå den staden du stend, nordetter og sudetter og austetter og vestetter!
15For alt det landet du ser, vil eg gjeva deg og di ætt til æveleg tid.
16Og eg vil lata ætti di verta som dusti på jordi: kann nokon telja dusti på jordi, so kann dei og telja di ætt.
17Upp, og far landet igjenom, so langt og so breidt som det er! For deg vil eg gjeva det.»
18So flutte Abram tjeldbuderne, og kom til eikelunden åt Mamre i Hebron. Der vart han buande, og bygde Herren eit altar.