9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Då kunde ikkje Josef dylja tårorne lenger for alle deim som stod ikring honom. Han ropa: «Lat alle ganga ut ifrå meg!» Og det var ingen inne, då Josef opendaga seg for brørne sine.
2Og han brast i og gret so høgt at egyptarane høyrde det, og dei høyrde det i huset åt Farao.
3Og Josef sagde med brørne sine: «Eg er Josef. Liver far min endå?» Men brørne hans kunde ikkje svara; dei stod der som dei var klumsa.
4Då sagde Josef med brørne sine: «Kjære væne, kom hit til meg!» So gjekk dei burt til honom. Då sagde han: «Eg er Josef, bror dykkar, som de selde til Egyptarland.
5Men no skal de ikkje syta eller harmast, for di de selde meg hit! Til livberging for mange hev Gud sendt meg fyre dykk.
6For no er det andre året her er svolt i landet, og endå kjem her fem år til som det korkje vert pløgt eller hausta.
7Men Gud sende meg fyre, av di han vilde leiva ætt etter dykk på jordi, og av di han vilde berga liv for dykk, so det vart ei stor frelsa.
8So er det då ikkje de, som hev sendt meg hit, men Gud, og han hev gjort meg til far for Farao og til herre yver alt hans hus og til styrar i heile Egyptarlandet.
9Skunda dykk og far heim til far min, og seg med honom: «So segjer Josef, son din: «Gud hev sett meg til herre yver heile Egyptarland. Kom no ned til meg! Dryg ikkje!
10Du skal få bu i Gosenlandet og vera innmed meg, både du og borni og barneborni dine, med bufeet ditt, både smått og stort, og med alt det du hev.
11Og eg skal syta for deg der - for endå kjem det fem uår - so det ikkje skal vanta deg noko, korkje deg eller huslyden din eller nokon av dine.»»
12No ser de det med dykkar eigne augo, og Benjamin, bror min, ser det og, at det er eg som talar til dykk.
13Ber då bod til far min um all mi æra og magt i Egyptarland og um alt de hev set, og skunda dykk og kom hit att med far min!»
14So lagde han armarne um halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret og innmed barmen hans.
15Og han kysste alle brørne sine og gret, medan han heldt deim i fanget. Og sidan rødde brørne hans med honom.
16Og det spurdest i huset åt Farao, at brørne hans Josef var komne, og Farao og mennerne hans vart fegne.
17Og Farao sagde med Josef: «Seg du med brørne dine: «So skal de gjera: de skal klyvja på dyri dykkar og fara, til de kjem heim til Kana’ans-landet.
18Då skal de taka far dykkar og huslydarne dykkar og koma hit til meg, so skal eg gjeva dykk det beste i Egyptarlandet, og de skal få eta av landsens feita.»
19Seg du deim frå meg: «So skal de gjera: de skal taka med dykk vogner frå Egyptarlandet til borni og konorne dykkar og henta far dykkar og koma.
20Og de skal ikkje kvida dykk, um de må fara ifrå husbunaden dykkar; for det beste i heile Egyptarland skal de få.»»
21Og Israels-sønerne gjorde so. Og Josef gav deim vogner, som Farao hadde sagt, og gav deim nista med på vegen.
22Og han gav deim alle kvar sin klædnad, men Benjamin gav han tri hundrad sylvdalar og fem klædnader.
23Og sameleis sende han far sin ti asen, som bar av alt det beste som fanst i Egyptarland, og ti asenfyljor, som bar korn og brød og mat til far hans på ferdi.
24So bad han farvel med brørne sine, og dei for av stad, og han sagde med deim: «De må ikkje verta usams på vegen!»
25So tok dei ut frå Egyptarland, og kom heim att til Jakob, far sin, i Kana’ans-land.
26Og dei bar fram bodet til honom og sagde: «Josef er endå i live, og han er jamvel styrar yver heile Egyptarland.» Men han var like kald i hjarta; for han trudde deim ikkje.
27So sagde dei honom alt det Josef hadde sagt med deim, og han såg vognerne som Josef hadde sendt til å henta honom i. Då kvikna far deira i hugen:
28«Å du store syn!» sagde Israel, «Josef, son min, er endå i live! Eg vil av og sjå honom, fyrr eg døyr.»