9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Dei tri mennerne svara ikkje Job meir, av di han heldt seg sjølv for rettferdig.
2Men då loga harmen upp hjå Elihu, son åt Barak’el, buziten, av Rams-ætti. Han vart harm på Job, av di han heldt seg sjølv rettferdigare enn Gud.
3Han harmast og på dei tri venerne, av di dei ikkje kunde finna noko svar, og endå dømde Job skuldig.
4For Elihu hadde venta med å tala til Job, av di dei andre var eldre enn han;
5men då Elihu såg at dei tri mennerne ikkje hadde noko å svara, vart han brennande harm.
6Og Elihu, son åt Barak’el, buziten, tok til ords og sagde: «Ung er eg etter år å rekna; de derimot er gamle menn. Difor eg blygdest og var rædd å segja til dykk det eg veit.
7Eg tenkte: «Åri tala lyt og alderen forkynna visdom.»
8Nei, ånd lyt til hjå menneski; og Allvalds ande gjev deim vit.
9Dei gamle er ’kje alltid vise, kvithærde veit ’kje stødt det rette.
10Difor eg segjer: Høyr på meg; eg vil og segja det eg veit.
11Eg venta hev på dykkar ord og lydde vel på dykkar lærdom, alt med de leita etter ord.
12Og eg gav nøgje agt på dykk, men ingen sagde Job imot, ingen av dykk gav honom svar.
13Seg ikkje: «Visdom der me fann; Gud slå han ned, folk kann det ikkje.»
14Han hev ’kje tala imot meg, og ei med dykkar ord eg svarar.
15Dei er forstøkte, svarar ikkje, dei vantar ord å føra fram.
16Treng eg vel venta når dei tegjer og stend der reint forutan svar?
17Eg vil og svara, eg for meg, eg vil og segja det eg veit.
18For eg er full av ord til svars; i bringa sprengjer åndi på.
19Mitt indre er som innstengd vin, lik nye vinhit vil det sprengjast.
20Eg tala vil so eg fær luft, vil opna lipporne og svara.
21Eg ikkje tek parti for nokon og smeikjer ei for nokor mann;
22å smeikja kann eg ikkje med; min skapar elles burt meg reiv.