9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Då Jetro, presten i Midjan, verfar åt Moses, fekk spurt alt det som Gud hadde gjort mot Moses og mot Israel, folket sitt: korleis Herren hadde ført Israel ut or Egyptarland,
2so tok han med seg Sippora, kona åt Moses, som Moses hadde sendt heim for ei tid,
3og båe sønerne hennar - den eine kalla dei Gersom, «for eg hev fenge heimvist i eit framandt land,» sagde Moses,
4og den andre kalla dei Eliezer, «for,» sagde han, «Far min’s Gud var hjelpi mi, og berga meg for sverdet åt Farao» -
5og no kom dei, både Jetro, verfar åt Moses, og sønerne og kona hans, til Moses i øydemarki, der han hadde lægret sitt, innmed Gudsfjellet.
6Og han sende bod til Moses og sagde: «Eg, Jetro, verfar din, kjem til deg med kona di, og båe sønerne sine hev ho med seg.»
7Då gjekk Moses til møtes med verfar sin, og bøygde seg for honom, og kysste honom, og dei spurde einannan korleis til stod. So gjekk dei inn i tjeldbudi,
8og Moses fortalde verfar sin um alt det Herren hadde gjort med Farao og egyptarane for Israel skuld, og all den møda dei hadde vore uti på vegen, og korleis Herren hadde hjelpt deim.
9Og Jetro vart glad for alt det gode som Herren hadde gjort mot Israel, at han hadde berga deim for egyptarane.
10Og Jetro sagde: «Lova vere Herren, som berga dykk for egyptarane og for Farao, han som fria folket ut or trældomen hjå egyptarane.
11No veit eg at Herren er større enn alle gudar; for det dei tenkte å fella deim med, det gjorde han til ei fella for deim sjølve.
12Og Jetro, verfar åt Moses, tok slagtefe, og laga til eit brennoffer og offergilde for Gud. Og Aron og alle dei øvste i Israel kom og heldt måltid for Guds åsyn saman med verfar åt Moses.
13Dagen etter sat Moses og skifte rett millom folket, og folket stod ikring honom frå tidleg um morgonen til seint på kvelden.
14Då no verfar hans såg alt det han hadde å gjera for deim, so sagde han: «Kva er dette for eit arbeid du legg på deg for folket? Kvi sit du domar åleine, og let heile ålmugen standa uppyver deg frå morgon til kveld?»
15Jau for folket kjem til meg og vil få vita Guds vilje,» sagde Moses med verfar sin.
16«Når dei hev ei sak med kvarandre, kjem dei til meg, og so dømer eg mann og mann imillom, og lærer deim Guds bod og lover.»
17Då sagde verfar åt Moses med honom: «Det er ikkje klokt det du der gjer.
18De trøyter dykk ut, både du og dette folket, som er med deg. For dette er for stridt for deg; du vinn ikkje gjera det åleine.
19Men høyr no på meg, eg vil leggja deg ei råd, og so vere Gud med deg! Ver du målsmann for folket hjå Gud, og gakk du til Gud med sakerne deira.
20Og minn dei um bodi og loverne hans, og syn deim kva veg dei skal ganga og korleis dei skal fara åt.
21Vel deg so ut dugande menner av ålmugen, menner som hev age for Gud, truverdige folk, som hatar låk vinning, og set deim til domsmenner, sume yver tusund og sume yver hundrad og sume yver femti og sume yver ti:
22dei skal skifta rett millom folk til kvar tid: alle store saker skal dei koma til deg med, og alle små saker skal dei døma i sjølve. Då lettar du byrdi for deg sjølv, og dei hjelper deg å bera henne.
23Gjer du det, og er det so Guds vilje, so kann både du halda ut, og alt dette folket koma heim til seg i fred og ro.»
24Moses lydde verfar sin, og gjorde alt det han hadde sagt.
25Han kåra ut dugande menner av heile Israel, og sette deim til hovdingar og domsmenner yver folket, sume yver tusund, og sume yver hundrad, og sume yver femti, og sume yver ti.
26Dei skifte då til kvar tid rett millom folket; alle vande saker kom dei til Moses med, men i alle småsaker dømde dei sjølve.
27So baud Moses farvel med verfar sin, og han for heim att til sitt eige land.