2«Seg med Israels-folket at dei skal koma med ei reida til meg! Kvar skal gjeva etter som han hev hjartelag til, og det dei gjev meg, skal de taka imot.
3Gåvorne som de skal taka imot av deim, det lyt vara gull og sylv og kopar
4og purpur og skarlak og karmesin og kvitt lin og geiteragg
5og raudlita verskinn og markuskinn og akazietre,
6olje til ljosestaken, kryddor til salvingsoljen og til den angande røykjelsen,
7sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken.
8Og dei skal gjera meg ein heilagdom, so vil eg bu imillom dei.
9Både huset eg skal bu i og all husbunaden skal de i alle måtar gjera etter det bilætet eg vil syna deg.
10Dei skal gjera ei kiste av akazietre, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid og halvonnor aln høg.
11Den skal du klæda med skirt gull, både utan og innan skal du gullklæda henne, og gjera ein gullkrans på henne, rundt ikring.
12Du skal støypa fire gullringar, og festa deim i dei fire føterne på kista, tvo på den eine sida og tvo på den andre.
13So skal du gjera stenger av akazietre og klæda deim med gull,
14og smøygja deim inn i ringarne på sidorne av kista; dei skal vera til å bera henne etter.
15Stengerne skal allstødt sitja i ringarne på kista; dei må aldri takast utor.
16I den kista skal du leggja lovtavlorne som eg vil gjeva deg.
17So skal du gjera eit lok av skirt gull, halvtridje aln lang og halvonnor aln breidt.
18På endarne av det skal vera tvo kerubar; deim skal du gjera av drive gull.
19Den eine keruben skal vera ytst på den eine enden og den andre ytst på hin enden; i eitt med loket skal de gjera kerubarne, ein på kvar ende.
20Kerubarne skal halda vengjerne utbreidde og upplyfte, so dei tekkjer yver loket med vengjerne sine, og andliti deira skal snu imot einannan: dei skal vende augo mot loket.
21So skal du leggja loket på kista, og inni kista skal du leggja lovtavlorne som eg vil gjeva deg.
22Og sidan vil eg møtast med deg der; frå romet yver loket millom båe kerubarne som er ovanpå lovtavlekista, vil eg tala med deg kvar gong eg sender deg med bod til Israels-folket.
23So skal du gjera eit bord av akazietre, tvo alner langt og ei aln breidt og halvonnor aln høgt.
24Du skal klæda det med skirt gull, og gjera ein gullkrans på det, rundt ikring.
25Ei løvdebreid list skal du gjera rundt um det, og på listi skal du gjera ein gullkrans, som gjeng heilt ikring.
26So skal du gjera fire gullringar, og deim skal du setja i dei fire hyrno på dei fire bordføterne.
27Tett uppmed listi skal ringarne sitja; dei skal vera til å smøygja berestenger inn i.
28Stengerne skal du gjera av akazietre, og klæda deim med gull; deim er det bordet skal berast i.
29Sidan skal du gjera dei fati og skålerne som høyrer til bordet, og kannorne og bollarne som de skal skjenkja drykkoffer av; alt dette skal du gjera av skirt gull.
30På bordet skal du allstødt setja fram skodebrød for meg.
31So skal du gjera ein ljosestake av skirt gull; drive arbeid skal det vera, både hoven og leggen. På staken skal det vera blomar, knuppar og utsprotne blad, og dei skal vera samgjorde med honom.
32Seks armar skal greina seg ut ifrå honom, tri på den eine sida og tri på den andre.
33På den eine armen skal det vera tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og på den andre armen skal og vera tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og soleis på alle dei seks armarne som greinar seg ut ifrå ljosestaken.
34På sjølve staken skal det vera fire utsprotne mandelblomar, med knupp og blad:
35ein blomsterknupp under dei fyrste tvo armarne, og ein under dei næste tvo armarne, og ein under det tridje paret av dei seks armarne som greinar seg ut ifrå ljosestaken.
36Både blomsterknupparne og armarne skal vera samsmidde med staken: alt skal vera eitt heilgjort arbeid av drive skirt gull.
37So skal du gjera lamporne til ljosestaken, sju i talet, og dei skal setjast upp so ljoset fell på den veggen som er midt imot staken.
38Sakserne og saksplatorne som høyrer til, skal vera av skirt gull.
39Tri vågar skirt gull skal de bruka til ljosestaken og alle desse gognerne.
40Sjå no til at du fær gjort dette etter det bilætet som vart synt deg på fjellet.