9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1So sagde Herren: Gakk og kjøp deg ei krukka av krusmakaren! Tak so med deg nokre av dei øvste av folket og nokre av dei øvste av prestarne,
2og gakk ut til Hinnomssons-dalen, som er frammed Krusbrot-porten, og ropa ut der dei ord som eg vil tala til deg!
3Du skal segja: «Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og Jerusalems-buar! So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg sender ei ulukka yver denne staden, so det skal ringja for øyro på kvar den som høyrer det,
4sidan dei vende seg frå meg og mismætte denne staden og brende røykjelse der for andre gudar, som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira eller Juda-kongarne, og fyllte denne staden med skuldlaust blod,
5og bygde Ba’als-haugar til å brenna sønerne sine i eld på, til brennoffer åt Ba’al, slikt som eg korkje hev skipa eller tala um, og som aldri kom meg i hugen.
6Difor, sjå, det kjem det dagar, segjer Herren, då denne staden ikkje lenger skal kallast «Tofet» eller «Hinnomssons-dalen», men «Dråpsdalen».
7Og Juda og Jerusalem gjer eg rådlause på denne staden, og let deim falla for sverd for deira fiendar og ved deira hand som ligg deim etter livet; og liki deira vil eg gjeva til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.
8Og eg vil gjera denne byen til ei skræma og til ei spott; alle som fer framum honom, skal verta forstøkte og hæda yver alle plågorne hans.
9Og eg vil lata deim eta kjøtet av sønerne sine og kjøtet av døtterne sine, og dei skal eta kjøtet av kvarandre i den naud og trengsla som deira fiendar og dei som ligg deim etter livet, skal trengja deim med.»
10Og du skal krasa krukka framanfor augo på dei menner som gjeng med deg.
11Og du skal segja med deim: «So segjer Herren, allhers drott: Soleis vil eg krasa dette folket og denne byen som ein krasar krusty som ikkje let seg bøta, og i Tofet skal dei gravleggja med di det ikkje bid andre stader til å jorda i.
12Soleis vil eg fara åt med denne staden, segjer Herren, og med deim som her bur, so eg gjer denne byen lik Tofet.
13Og husi i Jerusalem og husi åt Juda-kongarne skal verta som Tofetstaden, ureine som dei er, alle dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse åt heile himmelheren og rent ut drykkoffer åt framande gudar.»
14Og Jeremia kom frå Tofet, dit som Herren hadde sendt honom til å spå, og han stod i fyregarden til Herrens hus og sagde med alt folket:
15«So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, yver denne byen og yver alle dei byarne som høyrer honom til, let eg koma all den ulukka som eg hev tala imot deim; for dei gjeng der hardnakka og høyrer ikkje mine ord.»