9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter at Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, hadde slept honom laus frå Rama, med di han henta honom, då han var bunden med lekkjor i lag med alle hine burtførde frå Jerusalem og Juda som vart burtførde til Babel.
2Hovdingen for livvakti henta då Jeremia. Og han sagde med honom: «Herren, din Gud, hev truga denne staden med denne ulukka.
3Og Herren let det koma, og gjorde so som han hadde truga. For de synda mot Herren og lydde ikkje hans røyst, og so råka dette dykk.
4Og sjå, no hev eg løyst lekkjorne av henderne dine i dag. Um du er huga på å koma med meg til Babel, so kom, og eg skal sjå til med deg; men um du er uhuga på å koma med meg til Babel, so lat vera. Sjå, alt landet ligg ope for deg; kvar du synest godt og rett å ganga, dit kann du ganga.»
5Men då han drygde med heimferdi, sagde han: «Du må gjerne fara til Gedalja, son åt Ahikam Safansson, som Babel-kongen hev sett yver Juda-byarne, og ver med honom millom folket, eller gakk kvar du synest det er rett å ganga!» Og hovdingen for livvakti gav honom nistemat og gåvor og let honom fara.
6Og Jeremia for til Gedalja Ahikamsson i Mispa og var med honom millom det folket som var etter i landet.
7Då so alle herhovdingarne som var ute i bygderne, dei og mennerne deira, frette at Babel-kongen hadde sett Gedalja Ahikamsson yver landet, og at han hadde bede honom sjå til med menner og kvende og born og deim av ålmugen i landet som ikkje var burtførde til Babel,
8so for dei til Gedalja i Mispa, både Ismael Netanjason og Johanan og Jonatan Kareahs-søner og Seraja Tanhumetsson og sønerne åt Efai frå Netofa og Jezanja, ma’akatitsonen, og mennerne deira.
9Og Gedalja, son åt Ahikam Safansson, gjorde deim og mennerne deira eiden sin og sagde: «Det tarv ikkje ottast lydskyldnaden under kaldæarane. Ver i landet og ten Babel-kongen! so skal det ganga dykk vel!
10Og eg, sjå, eg buar i Mispa, so eg kann taka imot dei kaldæarar som kjem til oss. Men de lyt samla vin og frukt og olje og leggja det i kjeraldi dykkar og vera i byarne dykkar, som de hev teke til eiga.»
11Og alle jødarne som var i Moab og hjå Ammons-sønerne og i Edom og i alle andre land, dei frette og at Babel-kongen hadde late nokre av jødarne vera att, og at han hadde sett yver deim Gedalja, son åt Ahikam Safansson.
12Alle dei jødarne vende då heim att frå alle staderne som dei var drivne burt til, og kom til Judalandet, til Gedalja i Mispa, og dei samla vin og frukt i store mengder.
13Men Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var ute i bygderne, for til Gedalja i Mispa
14og sagde med han: «Veit du at Ba’alis, kongen yver Ammons-sønerne, hev sendt Ismael Netanjason til å slå deg i hel?» Men Gedalja Ahikamsson trudde deim ikkje.
15Og Johanan Kareahsson sagde i løynd med Gedalja i Mispa: «Lat meg ganga og drepa Ismael Netanjason! og ingen skal få vita det. Kvi skal han slå deg i hel, og alt Juda spreidast, dei som hev samla seg til deg, og leivningen av Juda tyntast?»
16Men Gedalja Ahikamsson sagde med Johanan Kareahsson: «Gjer ikkje det! For det er lygn det du melder um Ismael.»