9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Lat luren ljoma på Sion! Skrik høgt på mitt heilage fjell! Skjelve, alle i mannaheimen! Koma skal Herrens dag, ja, han er nær.
2Ein dag med myrker og dimma, ein dag med skodda og sky, som ein morgongråe er eit tallaust folk breidt yver fjelli. Du liken aldri ser frå æva som var, og aldri i åri til komande ætter.
3Framfyre et elden upp; og etter kjem brennande logen. Som Edenshagen var landet framfyre og etterpå snaudaste heidi. Å berga noko nyttar ikkje her.
4Som øykjer er dei å sjå til, som stridshestar tråvar dei fram.
5Liksom glamrande vogner fer dei yver alle fjell. Det susar og brusar, som når eld sleikjer strå, som ei veldug herfylking samla til strid.
6Støkken tek folk ved syni, alle andlit skiftar lit.
7Som kjempor rusar dei i veg, liksom stridsmenner stormar dei murar. Kvar ein på si leid sturtar fram, og aldri dei krøkjer sin veg.
8Ingen trengjer den andre burt, kvar hev si eigi braut, tvert gjenom våpni, og ho brest ikkje rekkja.
9Inn i byen dei stormar, stig upp på muren, gjeng inn i husi, og inn gjenom vindaugo bryt dei seg som tjuvar.
10Jordi fyre deim skjelv, himlarne bivrar, sol og måne dei svartnar, medan stjernorne løyner sin glans.
11Og Herren let høyra sitt mål framfyre si fylking, for ovstor er hans herlæger, veldug hans ærendsvein er. Ja, stor er Herrens dag og skræmeleg, kven held honom ut?
12Men no og det gjeld, so mæler Herren, vend um til meg med heile dykkar hjarta, med fasta og gråt og med klaga.
13Riv sund dykkar hjarta og ei dykkar klæde, vend um til Herren dykkar Gud! For han er nådig og hugmild er han, hev tolugt sinn, er rik på miskunn, han angrar det vonde.
14Ja, kven veit? Han snur og angrar, og han legg etter seg velsigning, grjon- og drykkoffer for Herren, dykkar Gud.
15Blås i luren på Sion, haldt fastehelg, lys heilag samling!
16Samla folket! Vigsle lyden! Få i hop dei gamle, samla dei små, ja, borni på fanget! Brudgomen gange or sitt hus og bruri frå stova si!
17Millom forhall og altar skal dei gråta prestarne, Herrens tenarar, og segja: «Spar, Herre, folket ditt, og ikkje du gjere din eigen lyd til eit spottord, til eit ordtak millom folki! Kvi skal dei segja millom folki: «Kvar er deira Gud?»»
18Då gløddest Herren upp for sitt land, og han sparde sitt folk.
19Herren svara og tala til sitt folk: Sjå, eg vil senda til dykk både korn og saft og olje, so de kann mettast av det. Og ikkje vil eg gjera dykk meir til spott millom folki.
20Norderheren driv eg langt burt ifrå dykk. Eg skal støyta honom ut i eit turt og øyde land, hans fortropp til havet i aust, hans baktropp til havet i vest. Og vondt skal det dåma, ja ilt skal det tevja. For storverk hev han gjort.
21Ikkje ottast, du land, men gled deg og ver sæl! For storverk hev Herren gjort.
22Ikkje ottast, du fe på marki, for no grønast graset på heidi. Og trei ber frukt, fiketre, vintre gjev no si kraft.
23Og Sions søner, fagna og frygda dykk i Herren, dykkar Gud! For han gjev åt dykk læraren til rettferd; so sender han dykk haustregn og vårregn som fyrr.
24Og fyllast skal låvarne med korn, og persorne fløyma med vinsaft og olje.
25Og skadebot gjev eg for grøda som tyntest av grashoppen, bitaren, etaren, gnagaren, min store her, som eg sende imot dykk.
26Og de skal få nøgdi eta og mettast. Og då skal de lova namnet åt Herren dykkar Gud, han som hev underleg stelt med dykk, og ikkje skal folket mitt æveleg skjemmast.
27Og de skal merka at eg bur midt i Israel, og at eg er Herren, dykkar Gud, og ingen annan, og ikkje skal folket mitt æveleg skjemmast.