9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Ei framsegn, Herrens ord mot Hadraks land, og i Damaskus skal det slå seg ned; for Herren hev auga med manneætti og med alle Israels ætter,
2ja, ogso Hamat som ligg attved, Tyrus og Sidon, so kloke dei er.
3Tyrus bygde seg ei borg, dunga i hop sylv som mold og gull som gateskarn.
4Sjå, Herren vil arma henne ut, kasta ringmuren hennar i havet, og ho sjølv skal verta til føda for elden.
5Askalon skal sjå det og ottast, og Gaza vrida seg i stor rædsla; likeins Ekron, av di hennar von hev vorte til skammar, Gaza skal missa kongen sin, Askalon skal verta folketom.
6Og Asdod skal hysa berre herk; ja, eg vil gjøra enda på storlætet åt filistarane.
7Eg vil taka blodet ut av munnen deira og styggedomen burt frå tennerne deira; og då skal dei og verta ein leivning for vår Gud. Då skal dei verta liksom ættehovdingar i Juda, og Ekron skal vera som ein jebusitarne.
8Og eg skal lægra meg og verja huset mitt mot herar som kjem og gjeng, og ikkje meir skal nokon valdsherre velta seg inn yver deim; for no hev eg set med eigne augo.
9Gled deg storleg, du dotter Sion! Ropa av frygd, du dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg; rettferdig og frelst er han. Smålåten kjem han ridande på eit asen, på ein ung asenfole.
10Eg vil rydja burt stridsvognerne frå Efraim og hestarne frå Jerusalem, og alle stridsbogarne skal rydjast burt; han skal tala fred til folki, og hans herrevelde skal nå frå hav til hav og frå Storelvi til verdsens endar.
11For ditt paktblod skuld vil eg og fria dine fangar ut or brunnen der det ikkje finst vatn.
12Vend attende til den faste borgi, de fangar som hev von! Ogso i dag gjer eg kunnigt: Eg skal gjeva deg tvifelt att.
13For eg spenner Juda som ein boge, fyller Efraim som eit pilehus, og dine søner, du Sion, eggjar eg mot dine søner, du Javan, og eg gjer deg lik med sverdet åt ei kjempa.
14Ja, Herren skal syna seg yver deim, og pili hans fer ut som ein elding, Herren, Herren skal blåsa i luren og fara fram i sunnanstormarne.
15Herren, allhers drott, skal halda skjolden sin yver deim, og dei skal gløypa, med di dei trakkar slyngjesteinar under føter; dei skal drikka og ståka som av vin og verta fulle som offerskåler og altarhyrno.
16Ja, Herren, deira Gud, skal gjeva deim siger på denne dag; for dei er då det folket han hev teke til si hjord, og liksom glimesteinar i ei kruna strålar yver landet hans.
17Å, kor gildt og kor fagert det er! Kornet gjev ungguten merg i bein, og druvesafti fostrar upp fagre møyar.