9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Sjå, eg sender mitt bod, og han skal brøyta veg for meg. Og brått kjem han til sitt tempel, Herren som de leitar etter, og paktengelen som de stundar på, sjå, han kjem, segjer Herren, allhers drott.
2Men kven kann herda den dagen han kjem? Og kven kann standa når han syner seg? For han er som smeltar-eld og tvættar-lut.
3Han sit og smeltar og reinsar sylvet, han reinsar Levi-sønerne og skirar deim som gull og sylv, so dei kann bera fram for Herren offergåvor i rettferd.
4Då vert offergåvorne i Juda og Jerusalem til hugnad for Herren som i gamle dagar og i framfarne år.
5Eg kjem til dykk og held dom og vert eit snøgt vitne mot deim som fer med trolldom, som bryt egteskapet, som gjer rang eid, som held att løni for leigekaren, som er harde med enkja og den faderlause, som rengjer retten for utlendingen og ikkje ottast meg, segjer Herren, allhers drott.
6For eg, Herren, er ikkje umskift, og de, Jakobs-born, er ikkje til ende komne.
7Alt ifrå fedre-dagarne hev de vike av frå loverne mine og ikkje halde deim. Vend um til meg, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers drott. De spør: «Kva skal me venda um ifrå?»
8Skal eit menneskje rana frå Gud, sidan de hev rana frå meg? Og de spør: «Kva hev me rana frå deg?» Jau, tiendi og reidorne.
9Forbanningi hev råka dykk, og frå meg ranar de, ja, heile folket.
10Kom med heile tiendi til forrådshuset mitt, so det kann finnast mat i huset mitt, og prøv meg so på den måten, segjer Herren, allhers drott, um eg ikkje let upp himmellukorne åt dykk og renner yver dykk velsigning i rikt mål.
11Eg skal truga etaren for dykk, so han ikkje tyner grøda på jordi for dykk, og ikkje heller skal de hava vanheppa med vintreet på marki, segjer Herren, allhers drott.
12Alle folki skal prisa dykk sæle, for det vert eit herlegt land, segjer Herren, allhers drott.
13De hev bruka sterke ord imot meg, segjer Herren. Og de spør: «Kva hev me tala med kvarandre imot deg?»
14Jau, de segjer: «Det er fåfengt å tena Gud. Kva bate hev me av at me agtar på hans krav og gjeng syrgjeklædde for Herren, allhers drott?
15Nei, no prisar me dei ovmodige sæle; dei hev medgang når dei liver i gudløysa, dei freistar Gud og slepp vel ifrå det.»
16Då tala dei med kvarandre, dei som ottast Herren, og Herren lydde og høyrde på, og det vart skrive ei minnebok for hans åsyn um deim som ottast Herren og tenkjer på hans namn.
17Og dei skal vera min eigedom, segjer Herren, allhers drott, på den dagen som eg skaper, og eg skal spara deim liksom ein mann sparer son sin som tener honom.
18Då skal de atter sjå skil på den rettferdige og den gudlause, den som tener Gud og den som ikkje tener honom.