9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Apostlarne og brørne som var i Judæa, høyrde at heidningarne og hadde teke imot Guds ord.
2Og då Peter kom upp til Jerusalem, klandra dei av umskjeringi på honom og sagde:
3«Du gjekk inn til menner som ikkje er umskorne, og åt i lag med deim.»
4Men Peter tok til og greidde det ut for deim i samanheng og sagde.
5«Eg var i byen Joppe og bad; då såg eg i burtrykning ei syn: det dala ned eitkvart, liksom ein stor linduk, som vart laten ned frå himmelen etter dei fire hyrno og kom like til meg.
6Då eg stirde på det, vart eg var og såg dei firføtte dyr på jordi og ville dyr og krjupande dyr og himmelens fuglar.
7Og eg høyrde ei røyst som sagde til meg: «Statt upp, Peter, slagta og et!»
8Men eg sagde: «På ingen måte, Herre! for noko vanheilagt eller ureint kom aldri i min munn.»
9Men røysti svara meg andre gongen frå himmelen: «Det som Gud hev reinsa, må ikkje du halda for ureint!»
10Dette hende seg tri gonger, og det vart alt saman drege upp i himmelen att.
11Og sjå, i same stundi stod det utanfor huset der eg var, tri menner, som var sende til meg frå Cæsarea.
12Og Anden sagde til meg at eg skulde fylgja med deim utan tviking. Men desse seks brørne gjekk og med meg, og me kom inn huset til mannen.
13Og han fortalde han oss korleis han hadde set engelen som stod i hans hus og sagde til honom: «Send bod til Joppe og henta Simon, som vert kalla med tilnamnet Peter!
14han skal tala ord til deg som du skal verta frelst ved, du og heile ditt hus.»
15Men då eg tok til å tala, fall den Heilage Ande på deim, liksom på oss i fyrstningi.
16Då kom eg Herrens ord i hug, at han sagde: «Johannes døypte med vatn; men de skal verta døypte med den Heilage Ande.»
17Når då Gud hev gjeve deim same gåva som oss, då dei kom til trui på Herren Jesus Kristus, kven var då eg, at eg skulde vera megtig til å hindra Gud?»
18Men då dei høyrde dette, gav dei seg til ro og lova Gud og sagde: «So hev då Gud ogso gjeve heidningarne umvendingi til livet!»
19Dei som no var spreidde ved den trengsla som kom upp for Stefanus skuld, dei gjekk ikring radt til Fønikia og Kypern og Antiokia, men tala ikkje ordet til nokon utan berre til jødar.
20Men det var millom deim nokre menner frå Kypern og Kyrene, som kom til Antiokia og tala til grækarane og forkynte evangeliet um Herren Jesus.
21Og Herrens hand var med deim, og eit stort tal kom til trui og umvende seg til Herren.
22Denne tidend kom då kyrkjelyden i Jerusalem for øyro, og dei sende Barnabas ut til å fara til Antiokia.
23Då han kom dit og såg Guds nåde, gledde han seg og tilstyrkte deim alle til å halda fast ved Herren med hjartans fyreset;
24for han var ein god mann og full av den Heilage Ande og tru. Og mykje folk vart ført til Herren.
25Han for då ut til Tarsus for å leita etter Saulus; og då han fann honom, førde han honom med til Antiokia.
26Men det hende seg, at dei var saman eit heilt år hjå kyrkjelyden og lærde mykje folk, og i Antiokia vart læresveinarne fyrst kalla kristne.
27I dei dagarne kom det nokre profetar ned frå Jerusalem til Antiokia.
28Og ein av deim med namnet Agabus stod fram og kunngjorde ved Anden, at det skulde koma ein stor hunger yver heile mannheimen, og han kom ogso under keisar Klaudius.
29Læresveinarne sette seg då fyre å senda noko, etter som kvar av deim hadde råd, til hjelp for dei brørne som budde i Judæa.
30Det gjorde dei ogso, og dei sende det til dei eldste gjenom Barnabas og Saulus.