9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Mine kjære! tru ikkje på kvar ei ånd, men prøv ånderne, um dei er av Gud! for det er mange falske profetar gjengne ut i verdi.
2På det kjenner de Guds Ande: kvar ei ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt, er av Gud;
3og kvar ei ånd som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt, er ikkje av Gud; og dette er åndi til Antikrist, som de hev høyrt um at ho kjem, og ho er alt no i verdi.
4Born, de er av Gud og hev sigra yver deim; for han som er i dykk, er større enn han som er i verdi.
5Dei er av verdi; difor talar dei av verdi, og verdi høyrer deim.
6Me er av Gud; den som kjenner Gud, høyrer oss; den som ikkje er av Gud, høyrer oss ikkje. På dette kjenner me sannings-åndi og villfarings-åndi.
7Mine kjære, lat oss elska kvarandre! for kjærleiken er av Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.
8Den som ikkje elskar, kjenner ikkje Gud; for Gud er kjærleik.
9I det er Guds kjærleik openberra millom oss, at Gud hev sendt son sin, den einborne, til verdi, so me skal liva ved honom.
10I dette er kjærleiken, ikkje at me hev elska Gud, men at han hev elska oss og sendt son sin til soning for synderne våre.
11Mine kjære! hev Gud elska oss soleis, so er me og skuldige til å elska kvarandre.
12Ingen hev noko sinn set Gud; elskar me kvarandre, so vert Gud verande i oss, og kjærleiken til honom hev vorte fullkomen i oss.
13På dette kjenner me at me er i honom og han i oss, at han hev gjeve oss av sin Ande.
14Og me hev set og vitnar at Faderen hev sendt son sin til frelsar for verdi.
15Den som sannar at Jesus er Guds Son, i honom vert Gud verande, og han i Gud.
16Og me hev lært å kjenna og trutt på den kjærleiken Gud hev til oss. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud, og Gud i honom.
17I dette hev kjærleiken vorte fullkomen hjå oss, at me hev fritt mod på domedag; for liksom han er, so er me og i denne verdi.
18Otte er ikkje i kjærleiken, men den fullkomne kjærleiken driv otten ut; for otten hev straffi i seg; men den som ottast, er ikkje fullkomen i kjærleiken.
19Me elskar av di han elska oss fyrst.
20Dersom nokon segjer: «Eg elskar Gud», og han hatar bror sin, han er ein ljugar; for den som ikkje elskar bror sin som han hev set, kor kann han elska Gud, som han ikkje hev set?
21Og dette bodet hev me frå honom, at den som elskar Gud, han skal og elska bror sin.