17 When the poor and needy seek water, and there is none, and their tongue faileth for thirst, I the Lord will hear them, I the God of Israel will not forsake them.
18 I will open rivers in high places, and fountains in the midst of the valleys: I will make the wilderness a pool of water, and the dry land springs of water.
19 I will plant in the wilderness the cedar, the shittah tree, and the myrtle, and the oil tree; I will set in the desert the fir tree, and the pine, and the box tree together:
20 That they may see, and know, and consider, and understand together, that the hand of the Lord hath done this, and the Holy One of Israel hath created it.
1Sidan no Kristus hev lide i kjøtet, so væpna og de dykk med den same tanken, at den som hev lide i kjøtet, er ferdig med syndi,
2so de ikkje lenger skal liva etter menneskje-lyster, men etter Guds vilje, den tid de endå skal vera i kjøtet.
3For det er nok at de i den framfarne livstid hev gjort det som heidningarne vil, med di de ferdast i used, lyster, fullskap, svir, drykk og usømeleg avgudsdyrking;
4difor undrast dei når de ikkje renner med deim ut i den same straum av skamløysa, og dei spottar dykk.
5Men dei skal gjera rekneskap for honom som held seg ferdig til å døma livande og daude.
6For dertil vart evangeliet forkynt ogso for daude, at dei vel skulde verta dømde som menneskje i kjøt, men liva so som Gud i ånd.
7Men enden på alle ting er komen nær. Ver difor vislege og ædrue til bøner!
8Og hav framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre! for kjærleiken løyner ei mengd med synder.
9Ver gjestmilde mot kvarandre utan murring!
10Etter som kvar hev fenge ei nådegåva, so ten kvarandre med henne som gode hushaldarar yver Guds mangfaldige nåde!
11Um nokon talar, han tale som Guds ord, um nokon tener i kyrkjelyden, han tene som av den kraft Gud gjev, so Gud må verta æra i alle ting ved Jesus Kristus, som æra og magti høyrer til i all æva. Amen.
12De kjære! Undra dykk ikkje yver den elden som kjem yver dykk til prøving, som um det hende dykk noko underlegt!
13Men i same mun som de hev lut i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, so de og kann gleda dykk med fagnad når hans herlegdom vert openberra.
14Dersom de vert hædde for Kristi namn skuld, er de sæle; for Herlegdoms-Anden og Guds Ande kviler yver dykk.
15For ingen av dykk må lida av di han er mordar eller tjuv eller illgjerningsmann, eller av di han blandar seg i framande målemne.
16Men lid han av di han er ein kristen, so skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.
17For det er no den tid då domen skal taka til med Guds hus; men tek det til med oss, kva vert då enden for deim som ikkje vil tru Guds evangelium?
18Og dersom den rettferdige vandt vert frelst, kvar skal det då verta av den ugudlege og syndaren?
19Difor skal og dei som lid etter Guds vilje, gjeva yver sjælerne sine til den trufaste skaparen, med di dei gjer det gode.