17 When the poor and needy seek water, and there is none, and their tongue faileth for thirst, I the Lord will hear them, I the God of Israel will not forsake them.
18 I will open rivers in high places, and fountains in the midst of the valleys: I will make the wilderness a pool of water, and the dry land springs of water.
19 I will plant in the wilderness the cedar, the shittah tree, and the myrtle, and the oil tree; I will set in the desert the fir tree, and the pine, and the box tree together:
20 That they may see, and know, and consider, and understand together, that the hand of the Lord hath done this, and the Holy One of Israel hath created it.
1Dei eldste millom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er med-eldste og vitne um Kristi lidingar, som og hev lut i den herlegdomen som skal openberrast:
2Gjæt den Guds hjord som er hjå dykk, og hav tilsyn med henne, ikkje av tvang, men sjølvminnt, ikkje for ei skamleg vinning, men med hug,
3ikkje heller so at de vil vera herrar yver kyrkjelydarne, men so at de vert fyredøme for hjordi.
4Når yverhyrdingen openberrast, då skal de få den uvisnelege ærekransen.
5Like eins skal de yngre vera dei eldre undergjevne, og alle skal de klæda dykk i audmykt mot kvarandre; for Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
6So audmyk dykk då under Guds velduge hand, so han kann upphøgja dykk i si tid!
7Kasta all dykkar sut på honom; for han hev umsut for dykk!
8Ver ædrue, vak! Dykkar motstandar djevelen gjeng ikring som ei burande løva og søkjer kven han kann gløypa;
9statt honom imot, trauste i trui, sidan de veit at dei same lidingar er lagde på brørne dykkar i verdi!
10Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus etter ei stuttvarug liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk.
11Honom høyrer magti til i all æva. Amen.
12Med Silvanus, den trufaste broren - det meiner eg han er - skriv eg stutt til dykk og påminner og vitnar at dette er Guds sanne nåde, som de stend i.
13Den medutvalde kyrkjelyden i Babylon helsar dykk, like eins Markus, son min.
14Helsa kvarandre med kjærleiks kyss! Fred vere med alle dykk som er i Kristus!