9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
2Og du, menneskjeson! So segjer Herren, Herren med Israels land: Ende! Komen er enden yver landsens fire hyrno.
3No er enden komen yver deg, og eg vil senda vreiden min mot deg og døma deg etter åtferdi di, og eg vil leggja på deg alle dine styggjor.
4Og mitt auga skal ikkje spara deg, og miskunn gjer eg ikkje; men åtferdi di vil eg leggja på deg, og dine styggjor skal vera midt i deg, og de skal sanna at eg er Herren.
5So segjer Herren, Herren: Ulukka, ei ulukka ein gong for alle, sjå, ho kjem.
6Ein ende kjem, ja, enden kjem, han vaknar imot deg, sjå, ho kjem.
7No er det din tur, du som i landet bur. Tidi er komi, nær er dagen med ståkande rådløysa og ikkje med fagnadrop på fjelli.
8No, um eit lite bil, vil eg renna ut min harm yver deg og tøma ut all min vreide på deg og døma deg etter åtferdi di, og eg vil leggja på deg alle dine styggjor.
9Og mitt auga skal ikkje spara deg, og miskunn gjer eg ikkje; som di åtferd hev vore, let eg deg få det, og dine styggjor skal midt i deg vera. Og de skal sanna at eg, Herren, slær.
10Sjå, dagen! sjå, det kjem! Lagnadsstundi tek til; riset blømer, ovmodet grønkar.
11Valdsgiren reiser seg til eit ris yver gudløysa. Ikkje noko av deim, inkje av deira ståkande hop, inkje av deira bråk, inkje av deira herlegdom vert att hjå deim.
12Tidi er komi, dagen er nær. Kjøparen fagne seg ikkje, og seljaren syrgje ikkje! For vreide logar mot heile deira hop.
13For seljaren skal ikkje få att det han selde, um han enn er i live, for syni mot heile hopen skal ikkje snu attende, og i si misgjerning skal ingen kunna verja sitt liv.
14Dei blæs i stridslur og bur seg vel i alt, men ingen fer ut til striden; for min harm er imot heile deira hop.
15Sverdet ute, sotti og svolten inne; den som er på marki, skal døy for sverd, og den som er i byen, honom skal svolt og sott tyna.
16Og slepp det undan einkvar utav deim, skal dei vera på fjelli som duvor i dalarne, alle med klagelæte, kvar og ein for si misgjerning.
17Alle hender skal siga, og alle kne skal verta veike som vatn.
18Og dei skal gyrda seg med sekk, og skjelving skal hylja deim, og kvart eit andlit skal blygjast av skam, og kvart hovud skal vera fleinskalla.
19Sylvet sitt skal dei kasta på gatorne, og gullet sitt skal dei vyrda som saur. Deira sylv og gull skal ikkje kunna berga deim på Herrens vreide-dag; dei skal ikkje kunna metta si sjæl eller fylla sin mage med det, for det hev vorte ein støytestein til misgjerning;
20og den glimande prydnadsting av det hev dei bruka til storlæte, og dei hev gjort sine styggjelege bilæte av det, sine ufyselege avgudar; difor gjer eg det til saur for deim.
21Og eg vil lata framande hender rana det og gudlause på jordi gjera det til herfang, og dei skal vanhelga det.
22Og eg vil snu mi åsyn frå deim. Og ransmenner skal vanhelga min skatt; dei skal brjota seg inn åt honom og vanhelga honom.
23Gjer lekkja i stand! for landet er fullt av blod-domar, og byen er full av valdsverk.
24Og eg vil lata dei verste av heidningarne koma, og dei skal eigna til seg husi deira. Og eg vil gjera ende på ovmodet hjå dei hardsette, og heilagdomarne deira skal verta vanhelga.
25Rædsla kjem, og dei skal søkja fred, men ingen finna.
26Ulukka på ulukka skal koma, fretnad på fretnad fær ein høyra; og dei skal søkja etter syn hjå profeten, lov skal kverva for presten, og råder for dei gamle.
27Kongen skal syrgja, og fyrsten skal klæda seg i fælske, og henderne på landslyden skal skjelva. Etter åtferdi deira vil eg gjera med deim, og med deira domar vil eg døma deim, og dei skal sanna at eg er Herren.