9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
2Menneskjeson! Vend di åsyn mot Gog i Magoglandet, fyrste yver Ros, Mesek og Tubal, og spå mot honom!
3Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna deg, Gog, fyrste yver Ros, Mesek og Tubal.
4Og eg vil snu deg um og krøkja krokar i munnvikarne dine og føra deg ut med all din her, hestar og ridarar, i full herbunad alle saman, ein heil mannfjølde med store skjoldar og små, med sverd i hand alle saman.
5Persar og ætiopar og putæar er med deim, alle saman med skjold og hjelm,
6Gomer og alle hans herskarar, Togarma-lyden, lengst or Norderland og alle hans herskarar; mange folkeslag hev du med deg.
7Herbu deg og gjer deg reidug, du og alle herflokkarne dine, som hev samla seg til deg, og du må varda deim vel.
8Etter mange dagar kjem turen til deg, når åri renn ut, skal du koma til eit land som er berga undan for sverd, sanka frå mange folkeslag, uppå Israelsfjelli, som stødt låg i øyde. Men no er det ført ut frå folkeslagi, og trygt bur dei alle saman.
9Og du skal draga dit upp; som ei stormflaga skal du koma, som ei sky skal du vera til å skyla landet, du og alle herskararne dine og mange folkeslag med deg.
10So segjer Herren, Herren: Og det skal henda den dagen, at ord skal koma upp i ditt hjarta, og du skal tenkja ein illrådig tanke
11og segja: «Eg vil fara upp mot eit land utan verjevollar, eg vil koma på desse som er i ro, som bur trygt: alle saman bur dei utan verjemur, og bommar og portar vantar dei.»
12Til å rana ran og gjera herfang er du komen, og til å leggja di hand på uppatt-bygde øydestader, mot eit folk som er sanka frå folkeslag, og som el seg til bufe og gods, som er busett på jord-navlen.
13Sjeba og Dedan og kjøpmenner frå Tarsis og alle deira ungløvor skal segja med deg: «Kjem du hit og vil rana ran? Hev du drege i hop dine herskarar til å gjera herfang, til å føra burt sylv og gull, til å taka bufe og gods, til å rana ran i det store?»
14Difor, spå, menneskjeson, og seg med Gog: So segjer Herren, Herren: Den dagen då mitt folk Israel bur trygt, skal du då ikkje få vita det?
15Og du skal koma frå din stad langt nord i heimen, du og mange folkeslag med deg, ridande på hestar alle saman, ein stor skare og veldug her.
16Og du skal fara upp mot mitt folk Israel og skyla landet med ei sky. I dei siste dagarne skal det henda, då let eg deg koma yver landet mitt, so folkeslagi skal læra å kjenna meg, når eg syner min heilagdom på deg, Gog, framfor augo på deim.
17So segjer Herren, Herren: Er det du som eg tala um i forne dagar gjenom mine tenarar, profetarne i Israel, som spådde i dei dagarne, år for år, at eg vilde lata deg koma yver deim?
18Og det skal henda den same dagen, den dagen Gog kjem yver Israelslandet, segjer Herren, Herren, då skal harmen min koma upp i mi nos.
19Og i min brennhug, i min logande vreide talar eg: Sanneleg, den dagen skal det vera ein stor jordskjelv yver Israelslandet.
20Og skjelva for mi åsyn skal fiskarne i havet og fuglarne under himmelen og dyri på marki og alt kreket som krek på jordi og kvart eit menneskje som er på jord-yta. Og rivna skal fjelli, og rynja skal hamrarne, og kvar ein mur skal falla til jordi.
21Og eg vil kalla sverd imot honom på alle mine fjell, segjer Herren, Herren; sverd skal dei svinga mot kvarandre.
22Og eg vil halda dom yver honom med sott og med blod. Og hyljande regn og haglande steinar, eld og svåvel vil eg lata regna yver honom og yver hans herskarar og yver dei mange folkeslag som er med honom.
23Og eg vil syna meg stor og heilag og gjera meg kjend for augo på mange folkeslag. Og dei skal sanna at eg er Herren.