1Abimelek, son åt Jerubba’al, for til Sikem, til morbrørne sine, og tala med deim og med alt morfolket sitt:
2«Kjære dykk,» sagde han, «tala til alle Sikems-mennerne, og seg: «Kva er best for dykk: at sytti mann, alle sønerne åt Jerubba’al, styrer dykk, eller at ein mann styrer dykk?» Og kom so i hug at me er same folket!»
3Då tala morbrørne hans um honom for alle borgarane i Sikem, og sagde alt dette; og hugen drog deim til Abimelek. «Han er ein av våre!» sagde dei.
4So gav dei honom sytti lodd sylv av tempelskatten åt Sambands-Ba’al. For deim leigde Abimelek nokre lause uvyrdne karar, og dei fylgde honom kvar han gjekk.
5So for han til huset åt far sin i Ofra, og drap brørne sine, sønerne åt Jerubba’al, sytti mann på ein stein; berre Jotam, den yngste sonen åt Jerubba’al, vart att; han hadde fenge løynt seg.
6Då samla dei seg, alle borgarane i Sikem og alt folket i Millo, og dei drog ut og valde Abimelek til konge under Minnesteinseiki ved Sikem.
7Då Jotam fekk spurt det, steig han upp på toppen av Gerizimfjellet; der stod han, og ropa til deim og sagde: «Høyr på meg, Sikems-menner, so sant de vil at Gud skal høyra på dykk!
8Det var ein gong trei vilde kåra seg ein konge. Dei sagde til oljetreet: «Du skal vera kongen vår!»
9Men oljetreet svara: «Skulde eg missa oljen min, som gudar og menneskje ærar meg for, og gjeva meg til å svaga att og fram yver skogen?»
10Då sagde dei til fiketreet: «Kom du og ver kongen vår!»
11Og Fiketreet svara: «Skulde eg missa søtleiken min og den gode frukti mi, og gjeva meg til å svaga at og fram yver skogen?»
12So sagde dei til vintreet: «Kom du og ver kongen vår!»
13Vintreet svara: «Skulde eg missa safti mi, som gjer gudar og menneskje glade, og gjeva meg til å svaga att og fram yver skogen?»
14Då sagde alle trei til klungeren: «Kom so du og ver kongen vår!»
15«Er det ålvor at de vil kåra meg til konge,» sagde klungeren, «so kom og svala dykk i skuggen min! Men er det ikkje, so skal det fara eld ut frå klungeren og øyda cedrarne på Libanon.»
16Hev no de fare truge og ærleg fram med di de hev teke Abimelek til konge, og hev de gjort vel mot Jerubba’al og ætti hans, og hev de gjort lika for det han gjorde,
17då han, far min, stridde for dykk, og våga livet, og berga dykk frå midjanitarne
18- og endå hev de no reist dykk mot ætti åt far min, og drepe sønerne hans, sytti mann på ein stein, og gjort Abimelek, son åt terna hans, til konge yver Sikems-buarne, for di han er skyld dykk -
19hev de no i dag fare truge og ærleg fram mot Jerubba’al og ætti hans, so gjev de må få gleda av Abimelek, og gjev han må få gleda av dykk!
20Men hev de ikkje det, so gjev det må fara eld ut frå Abimelek og tyna Sikems-buarne og Millo-folket, og gjev det må fara eld ut frå Sikems-buarne og Millo-folket, og tyna Abimelek!»
21So rømde Jotam, og kom seg undan; sidan for han til Be’er, og der slo han seg ned, so Abimelek, bror hans, ikkje kunde nå i honom.
22I tri år rådde Abimelek i Israel.
23Då sende Gud ei vond ånd som sette ilt millom Abimelek og Sikems-mennerne, og Sikems-mennerne sveik Abimelek;
24for Gud vilde at valdsverket mot dei sytti sønerne åt Jerubba’al skulde hemnast, og blodet deira koma yver Abimelek, bror deira, som hadde drepe deim, og yver Sikems-mennerne, som hadde gjeve honom magt til å drepa brørne sine.
25Sikems-mennerne sette ut vaktmenner på fjelltindarne, som skulde halda auga med Abimelek, og røva alle som for framum der på vegen, og Abimelek fekk vita det.
26Ved det leitet kom Ga’al Ebedsson med brørne sine og flutte inn i Sikem, og Sikems-mennerne sette lit til honom.
27Dei gjekk ut på marki, og hausta vinhagarne sine og persa druvorne; so heldt dei takkehøgtid, og gjekk inn i templet åt guden sin, og åt og drakk og banna Abimelek.
28Og Ga’al Ebedsson sagde: «Er Abimelek slik mann, og sikemitarne slike folk, at me skulde vera tenarane hans? Hev ’kje son åt Jerubba’al og Zebul, futen hans, tent ætti åt Hemor, den gamle Sikems-kongen? Men kvi skulde me so tena honom mannen.
29Gjev eg hadde hand yver dette folket, so skulde eg snart få Abimelek or vegen. Auka heren din, Abimelek, og kom!» kytte han.
30Då Zebul, byhovdingen, fekk høyra kva Ga’al Ebedsson hadde sagt, vart han harm;
31han sende i løynd bod til Abimelek og sagde: «Ga’al Ebedsson og brørne hans er komne til Sikem, og øser upp byen mot deg.
32Tak no i vegen nattars tid med det folket du hev hjå deg, og legg deg på lur på marki;
33og når det dagast, og soli sprett, so brjot upp og renn fram imot byen; då fer Ga’al og folket hans ut imot deg, og du kann gjera med honom som du fær høve til.»
34So tok Abimelek ut um natti med alle dei folki han hadde hjå seg, og dei lagde seg på lur mot Sikem i fire flokkar.
35No bar det so til at Ga’al Ebedsson kom ut og stod i byporten i same bilet som Abimelek og folki hans braut fram frå løynlega.
36Ga’al såg deim, og sagde til Zebul: «Sjå! Det kjem folk ned frå fjelltindarne!» «Det er skuggen av fjelli som du tek for folk,» svara Zebul.
37Men Ga’al heldt på og tala: «Sjå der kjem det folk ned frå Midhø’i,» sagde han, «og ein flokk kjem etter den vegen som ber til Trollmanneiki.»
38Då sagde Zebul: «Kvar er no dei store ordi dine, du som sagde: «Er Abimelek slik mann at me skulde vera tenarane hans?» Sjå her er dei folki som du vyrde so lite! Drag no ut, og strid imot deim!»
39Då drog Ga’al ut med Sikems-mennerne i fylgje, og stridde mot Abimelek.
40Men Abimelek vann yver honom, og jaga han fyre seg, og det vart eit stort mannefall heilt burtåt byporten.
41Sidan gav Abimelek seg til i Aruma, og Zebul dreiv Ga’al og brørne hans burt; dei måtte ikkje vera i Sikem.
42Dagen etter skulde Sikems-folket ut på marki. Det fekk Abimelek vita;
43då tok han og bytte mannskapet sitt i tri flokkar, og lagde seg på lur på marki, og då han såg at folket kom ut or byen, sette han på deim og hogg deim ned.
44Sjølv sprang han fram, og tok støde ved byporten med den flokken som fylgde honom, og dei hine tvo flokkarne rende på alle deim som var ute på marki, og slo deim i hel.
45Abimelek kringsette byen heile den dagen, og tok honom, og drap folket som var der; byen reiv han ned, og strådde tufti med salt.
46Då folket i Sikemsborgi høyrde det, gjekk dei alle inn i tempelbygningen åt Sambands-Ba’al.
47So snøgt som Abimelek fekk vita at alt folket i Sikemsborgi hadde flokka seg i hop på ein stad,
48gjekk han med alle mennerne sine upp på Salmonfjellet. Han tok øksi si i hand, og hogg greiner av trei, tok deim upp, lagde deim på herdi, og sagde til mennerne sine: «Skunda dykk og gjer like eins som de såg eg gjorde!»
49Då hogg alle mennerne og kvar si byrd med kvist og fylgde etter honom. So lagde dei veden uppetter tempelbygningen, og sette med den eld på bygningen. Soleis umkomst alt folket i Sikemsborgi, um lag tusund menner og kvinnor.
50Sidan gjekk Abimelek mot Tebes; den byen kringsette han og tok.
51Inni byen var det eit fast tårn; dit rømde alle menner og kvinnor, alt folket i byen, og dei stengde etter seg og gjekk upp på taket.
52Då Abimelek kom til tårnet, kringsette han det; so gjekk han fram til porten og vilde setja eld på.
53Då var det ei kvinna som kasta ein kvernstein ned på hovudet hans, so hausen brotna.
54Abimelek ropa svint på sveinen som bar våpni hans, og sagde: «Drag sverdet ditt, og drep meg, so det ikkje skal segjast at ei kvinna slo meg i hel!» Då stakk sveinen sverdet gjenom honom, og han døydde.
55Og då Israels-mennerne såg at han var slokna, gjekk kvar heim til sitt.
56Soleis hemnde Gud den ugjerningi Abimelek gjorde mot far sin då han drap dei sytti brørne sine.
57Og alt det vonde Sikems-mennerne hadde gjort, let Gud koma attyver deim; den våbøni Jotam Jerubba’alsson hadde lyst, fekk dei sanna.