9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1So tok han til å læra folket att ved sjøen; og det samla det seg ei uhorveleg mengd ikring honom, so han laut ganga ut i ein båt; den sat han i utpå vatnet, og heile folkehopen stod innpå land nedmed sjøen.
2Då lærde han deim mangt og mykje i likningar, og med han soleis lærde deim, sagde han:
3Høyr her! Det var ein såmann som gjekk ut og vilde så.
4Då bar det seg so til med han sådde, at noko av kornet fall frammed vegen, og fuglarne kom og åt det upp.
5Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt;
6men då soli steig, skein det av, for det hadde ikkje rot.
7Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det, og det gav ikkje grøda.
8Noko fall i god jord; det rann upp og voks og gav grøda og bar upp til tretti og seksti og hundrad foll.
9Høyr etter, kvar som høyra kann! sagde han då.
10Då han vart åleine, kom dei tolv og dei andre som var med honom, og spurde honom um likningarne.
11Han svara: «De fær vita løyndomen i Gudsriket, men til dei andre, som er utanfor, kjem allting i likningar,
12so dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skyna; elles kunde dei venda um og få tilgjeving.
13Men skynar de ’kje denne likningi, sagde han, korleis kann de då greida alle dei andre likningarne?
14Såmannen, det er den som sår Guds ord.
15Dei frammed vegen, det er dei som Guds ord vert sått i, men med same dei hev høyrt det, kjem Satan, og tek burt ordet som var sått i deim.
16Sameleis dei som var sådde på steingrunn; det er dei som straks dei fær høyra Guds ord, tek imot det med gleda;
17men dei hev ikkje rot i seg, og held ikkje ut langt bilet; kjem dei so i naud eller fåre for ordet skuld, leidest dei straks og fell ifrå.
18Andre var sådde millom klunger; det er dei som hev høyrt Guds ord,
19men suterne for det timelege og den svikfulle rikdomen og fysna etter alle andre ting, trengjer seg inn og kjøver ordet, so det vert grødelaust.
20Men dei som var sådde i god jord, det er dei som høyrer Guds ord og tek imot det, og gjev grøda i tretti og seksti og hundrad foll.»
21Sidan sagde han til deim: «Når dei kjem inn med eit ljos, set dei det då under skjeppa eller sengi? set dei det ’kje i staken?
22For ingen ting er dult utan det vert openberra, og ingen ting vart løynt utan det laut fram i ljoset.
23Høyr etter, kvar som høyra kann!»
24So sagde han til deim: «Sjå dykk fyre kva de høyrer på! Det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk med, og endå skal de få noko attpå.
25For den som hev, han skal få, men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.»
26Sidan sagde han: «Med Guds rike er det so som når ein mann hev sått kornet i jordi:
27Han søv og ris upp, natt etter natt og dag etter dag, og frøet renn upp og veks - han veit ikkje korleis det gjeng til;
28av seg sjølv ber jordi si grøda, fyrst strå, so aks, so fulle korn i kvart aks.
29Men so snart som åkeren er skjær, tek han fram sigden; for hausten er komen.»
30So sagde han: «Kva skal me likna Guds rike i hop med? kva bilæte skal me teikna det med?
31Det er liksom senapskornet; når det vert lagt i jordi, er det mindre enn alle frøkorn i verdi.
32Men etter det er sått, renn det upp og vert større enn alle hagevokstrar og fær store greiner, so fuglarne i lufti kann byggja reir i skuggen av det.»
33I mange sovore likningar tala han Guds ord til deim, etter som dei var god til å skyna det.
34Forutan likningar tala han ikkje til folket; men når han var åleine med læresveinarne sine, lagde han det ut alt saman for deim.
35Då det leid til kvelds same dagen, sagde han til deim: «Lat oss fara yver til hi sida!»
36So skildest dei med folket og tok honom med i båten, som han var. Og andre båtar fylgde og med.
37Då vart det so hardt eit ver, at bårorne slo inn i båten, og han var nær på å fyllast.
38Men Jesus låg og sov på høgjendet i bakskuten. Dei vekte honom og sagde: «Meister, er du like sæl um me gjeng under?»
39So stod han upp og truga vinden og sagde til sjøen: «Teg, og ver still!» Då logna vinden, og det vart blikende stilt.
40Og han sagde til deim: «Kvi er de rædde? Hev de endå ingi tru?»
41Men dei var fulle av otte og sagde seg imillom: «Kva er då dette for ein, som både vinden og sjøen lyder?»