9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Då kom alle Israels ætter til David i Hebron, og tala soleis: «Du veit me og du er same folket.
2Alt lenge sidan, med Saul var kongen vår, so var du føraren for Israel. Og med deg hev Herren sagt: «Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt! du skal vera fyrste yver Israel!»»
3Då alle dei øvste i Israel var komne til Hebron, til kongen, gjorde kong David samband med deim i Hebron for Herrens åsyn. Og dei salva David til konge yver Israel.
4Tretti år var David då han vart konge. Og han var konge i fyrti år.
5I Hebron var han konge yver Juda i sju år og seks månader. I Jerusalem var han konge i tri og tretti år yver heile Israel og Juda.
6Kongen drog upp til Jerusalem med heren sin mot jebusitarne, som budde der i landet. Dei sagde då til David: «Hit inn vinn du ikkje koma! Jamvel blinde og lame folk kann driva deg burt berre med dei ordi: Hit kjem David ikkje!»
7David tok like vel Sionsborgi. Den borgi vart Davidsbyen.
8David gav den dagsordren: «Kvar ein som slær jebusitarne, lat honom ganga upp til vatsleidingi, og slå desse blinde og lame som ber David imot!» Difor plar dei segja: «Blind og lam kjem ikkje inn i huset.»
9David tok bustad der på borgi og kalla henne Davidsbyen. David bygde byen rundt ikring frå Millo og innetter.
10Davids velde auka stødt og stendigt. Og Herren, allhers Gud, var med honom.
11Kong Hiram i Tyrus sende folk til David med cedertre og timbremenner og steinhoggarar. Dei bygde eit hus for David.
12Og David skyna at Herren hadde grunnfest kongedømet hans yver Israel, og lyft kongedømet hans upp til æra for Israel, folket sitt, skuld.
13David tok seg endå fleire fylgjekonor og konor frå Jerusalem, etter han var komen dit frå Hebron. Og David fekk endå fleire søner og døtter.
14Dei sønerne han fekk i Jerusalem heitte: Sammua, Sobab, Natan, Salomo,
15Jibhar, Elisua, Nefeg, Jafia,
16Elisama, Eljada og Elifelet.
17Då filistarane frette at David var salva til konge yver Israel, drog alle filistarane upp og søkte åt honom. Då David spurde det, drog han ned til borgi.
18Filistarane kom og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen.
19Då gjorde David det spursmålet til Herren: «Skal eg draga upp mot filistarane? Vil du gjeva deim i mi hand?» Herren svara David: «Drag upp, eg vil gjeva filistarane i di hand.»
20David kom til Ba’al-Perasim. Og der vann David yver deim. Då sagde han: «Herren hev brote igjenom uvenerne mine, liksom vatn bryt igjenom.» Det er difor staden hev fenge namnet Ba’al-Perasim.
21Dei let etter seg gudebilæti sine, og David og folki hans tok deim.
22Endå ein gong drog filistarane upp og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen.
23Då David spurde Herren, svara han: «Drag ikkje mot deim! Kringset deim attanfrå, so du fell yver deim frå den staden der bakatrei stend.
24So snart du høyrer ljoden av stig i topparne på bakatrei, so må du springa fram. For då dreg Herren ut framfyre deg og vinn yver filistarheren!»
25David gjorde som Herren baud; og han slo filistarane og forfylgde deim frå Geba heilt fram til Gezer.