9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Ropa av full hals, ikkje spar! Lyft di røyst som ein lur! Forkynn mitt folk deira brot, og Jakobs hus deira synder!
2Meg spør dei dag for dag, mine vegar vil dei vita, som eit folk som hev livt i rettferd og ei vendt seg frå sin Guds rett, krev dei av meg rettferdige domar, dei vil at Gud skal koma.
3«Kvi fastar me, og du ser det ikkje? Kvi spekjer me oss, og du agtar ’kje på det?» - Jau, på fastedagen finn de forretning og driv til arbeid alle dykkar folk.
4Sjå, de fastar med kiv og strid, med hogg og slag av gudlause nevar, ikkje fastar de i dag, so røysti dykkar kann høyrast i det høge.
5Er det ei faste eg likar, ein dag då menneskja spekjer seg? Å bøygja hovudet som eit sev, å reider seg seng i sekk og oska - kallar du det ei faste, og ein dag som er Herren til hugnad?
6Er ikkje det ei faste eg likar, urettferdige lekkjor løysa, sprengja bandi på oket, gjeva dei nedtyngde fridom, og knekkja kvart eit ok?
7Ja, at du bryt ditt brød åt den svoltne, tek heimlause stakarar til deg, at du klæder den nakne du ser, og ei dreg deg burt frå ditt kjøt og blod?
8Då skal ljoset ditt renna som morgonroden, og din lækjedom koma brått, og di rettferd skal ganga fyre deg, og Herrens herlegdom sist i ferdi.
9Då svarar Herren når du kallar, når du ropar, segjer han: «Sjå, her er eg!» Fær du burt ifrå deg tyngjing med ok, sluttar å peika med fingen’ og tala vondt,
10og gjev den hungrige etter din hug og mettar ei nedbøygd sjæl, då skal ljoset ditt stråla i myrkret, og di natt skal verta som middag.
11Då skal Herren leida deg alltid, han skal metta di sjæl i øydemarker, han skal styrkja beini dine, og du vert som ein velvatna hage, som ei rennande kjelda der vatnet aldri tryt.
12Og dine søner skal byggja gamle grushaugar upp att, du skal reisa upp tufter som lenge låg i øyde, og dei skal kalla deg «Murbrot-bøtar», «vegnybyggjar til busetjing».
13Held du foten din att frå kviledagen, so du ei driv ditt yrke på min heilagdag, kallar du kviledagen «ei lyst», Herrens heilagdag «høgvyrd», ærar du honom og held deg frå dine tiltak, ikkje driv med ditt yrke eller prat -
14då skal du frygda deg i Herren, yver haugarne i landet let eg deg fara og let deg njota arven åt Jakob, far din; for Herrens munn hev tala.