9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1So hende det i det fjorde styringsåret åt Juda-kongen Jojakim Josiason at dette ordet til Jeremia frå Herren:
2Tak deg ein bokrull og skriv på honom alle dei ordi eg hev tala til deg um Israel og um Juda og um alle heidningefolki frå den dagen eg tala til deg, frå den tidi Josia rådde, og alt til denne dag!
3Kann henda Judas hus vil lyda på all den ulukka som eg tenkjer å gjera deim, so dei kann venda um, kvar og ein frå sin vonde veg, og eg kann få tilgjeva deim deira misgjerning og synd.
4Då kalla Jeremia til seg Baruk Neriason, og Baruk skreiv i bokrullen etter Jeremias munn alle Herrens ord som han hadde tala til honom.
5Og Jeremia bad Baruk og sagde: «Eg sjølv er meinka, eg kann ikkje koma i Herrens hus.
6Men gakk du dit og les or rullen som du hev skrive etter min munn, Herrens ord for folket i Herrens hus på ein fastedag! Du skal lesa deim for alt Juda, deim som er komne frå byarne sine.
7Må henda dei kunde leggja si bøn fram for Herrens åsyn og venda seg, kvar og ein frå sin vonde veg. For stor er den vreiden og harmen som Herren hev truga dette folket med.»
8Og Baruk Neriason gjorde plent so som profeten Jeremia hadde bede honom, og las or boki Herrens ord i Herrens hus.
9So hende det i det femte styringsåret åt Jojakim Josiason, kongen i Juda, i den niande månaden, at dei lyste på at alt folket i Jerusalem og alt det folk som var kome frå Juda-byarne til Jerusalem, skulde fasta framfor Herrens åsyn.
10Då las Baruk upp or boki Jeremias ord i Herrens hus, i koven åt Gemarja, son åt riksskrivaren Safan, i øvre fyregarden, attmed inngangen til den nye porten på Herrens hus, so alt folket høyrde på.
11Men då Mikaja, son åt Gemarja Safansson, høyrde alle Herrens ord or boki,
12gjekk han ned i kongsgarden, inn i riksskrivarkoven, og sjå, der sat alle hovdingarne: riksskrivaren Elisama og Delaja Sjemajason og Elnatan Akborsson og Gemarja Safansson og Sidkia Hananjason og alle hine hovdingarne.
13Og Mikaja kunngjorde for deim alle dei ordi han hadde høyrt, då Baruk las upp or boki medan folket høyrde på.
14Då sende alle hovdingarne Jehudi, son åt Netanja, son åt Selemja Kusison, til Baruk med denne ordsegni: «Tak med deg den rullen som du las upp for folket, og kom hit!» Og Baruk Neriason tok rullen med seg og kom til deim.
15Då sagde dei med honom: «Set deg og les honom for oss!» Og Baruk las for deim.
16Men då dei hadde høyrt alle ordi, såg dei forfærde på kvarandre og sagde til Baruk: «Me lyt melda dette til kongen.»
17So spurde dei Baruk og sagde: «Seg oss korleis du skreiv alle desse ordi etter hans munn!»
18Og Baruk svara deim: «Med sin munn sagde han meg alle desse ordi fyre, og eg skreiv det i boki med blekk.»
19Då sagde hovdingarne til Baruk: «Gakk og gøym deg og Jeremia med deg, so ingen veit kvar de er!»
20Sidan gjekk dei til kongen i fyregarden - men rullen let dei etter seg i koven åt riksskrivaren Elisama - og melde alt dette for kongen.
21Då sende kongen Jehudi av stad etter rullen, og han tok honom ut or koven åt riksskrivaren Elisama. Sidan las Jehudi honom upp for kongen og for hovdingarne som stod hjå kongen.
22Men kongen sat i vinterhalli - det var i den niande månaden - og det brann eld i ei glodpanna framfyre honom.
23Og kvar gong Jehudi hadde lese tri eller fire teigar, skar kongen av rullen med ein pennekniv og kasta stykket på elden i glodpanna, til heile rullen var uppbrend i elden i glodpanna.
24Og dei ræddast ikkje og reiv ikkje sund klædi sine, korkje kongen eller nokon av tenarane hans som høyrde alle desse ordi.
25Og endå Elnatan og Delaja og Gemarja naudbad kongen, at han ikkje måtte brenna upp rullen, høyrde han ikkje på deim.
26Og kongen bad Jerahme’el, kongssonen, og Seraja Azrielsson og Selemja Abde’elsson å taka skrivaren Baruk og profeten Jeremia, men Herren løynde deim.
27Då kom Herrens ord til Jeremia, etter kongen hadde brent upp rullen med dei ordi som Baruk hadde skrive etter Jeremias munn; han sagde:
28Tak deg atter ein annan rull og skriv på honom alle dei fyrre ordi som stod på den fyrre rullen, den som Jojakim, Juda-kongen, brende upp!
29Men um Jojakim, Juda-kongen, skal du segja: «So segjer Herren: Du brende denne rullen og sagde: «Kvi skreiv du på honom dette: Babel-kongen skal koma og øydeleggja dette landet og rydja ut or det folk og fe?»
30Difor, so segjer Herren um Jojakim, Juda-kongen: Han skal ingen hava som kann sitja på Davids kongsstol, og liket hans skal liggja utkasta i hiten um dagen og i kulden um natti.
31Og eg vil heimsøkja honom og avkjømet hans og tenarane hans for deira misgjerning, og eg vil lata koma yver deim og yver Jerusalems-buarne og Juda-mennerne alle dei ulukkor som eg hev truga dei med utan at dei høyrde.»
32Då tok Jeremia ein annan rull og gav honom til skrivaren Baruk Neriason, og han skreiv på honom etter Jeremias munn alle dei ordi som hadde stade i den boki som Jojakim, Juda-kongen, hadde brent upp i eld. Og til deim var det endå lagt mykje av same slaget.