9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Byrjar me å gjeva oss sjølve lovord att? eller treng me då, liksom sume folk, til å hava lovords brev til dykk eller frå dykk?
2De er vårt brev, innskrive i våre hjarto, kjent og lese av alle menneskje,
3med di det er kunnigt at de er Kristi brev, tilkome ved vår tenesta, innskrive ikkje med blekk, men med den livande Guds Ande, ikkje på steintavlor, men på hjartans kjøttavlor.
4Men ei slik tiltru hev me til Gud ved Kristus,
5ikkje at me av oss sjølve duger til å tenkja ut noko som av oss sjølve, men dugleiken vår er av Gud,
6han som og gjorde oss duglege til å vera tenarar for ei ny pakt, ikkje for bokstav, men for ande; for bokstaven slær i hel, men Anden gjer livande.
7Når då daudens tenesta, som var innhoggi med bokstavar på steinar, kom med herlegdom, so Israels-borni ikkje greidde å sjå på Mose åsyn på grunn av herlegdomen i hans åsyn, endå det var ein som kvarv burt,
8kor skal ikkje då Andens tenesta endå meir vera i herlegdom!
9For er fordømings-tenesta herlegdom, so er rettferds-tenesta endå mykje meir rik på herlegdom.
10For endå det herlege er i dette stykke ikkje herlegt mot den ovrike herlegdomen.
11For når det burtkvervande var i herlegdom, so skal det vedvarande so mykje meir vera i herlegdom.
12Sidan me då hev slik ei von, so gjeng me fram med stort frimod
13og gjer ikkje som Moses, som lagde eit sveip yver si åsyn, so Israels-borni ikkje skulde skoda enden av det som kvarv burt.
14Men deira hug vart forherd; for like til denne dag ligg det same sveipet der når dei les den gamle pakti, og det vert ikkje openberra at ho vert avlyst i Kristus.
15Men til denne dag ligg det eit sveip yver hjarta deira når Moses vert lesen.
16Men når det vender um til Herren, då vert sveipet burtteke.
17Men Herren er Anden; men der Herrens Ande er, der er fridom.
18Men me som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, me vert alle umlaga til det same bilæte frå herlegdom til herlegdom, liksom av Herrens Ande.