9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1For å skriva til dykk um hjelpi til dei heilage, det treng eg ikkje,
2for eg kjenner dykkar viljuge hug, som eg rosar dykk for hjå makedonarane, med di eg segjer: «Akaia var ferdigt alt frå i fjor;» og ihugen dykkar tilskunda dei mange.
3Men eg sender brørne, so ikkje vår ros yver dykk skal verta til inkjes i dette stykke, men at de, som eg sagde, skal vera ferdige,
4so me - um eg ikkje skal segja de sjølve - ikkje skal få skam av denne tiltru, um det kjem makedonarar med meg og finn dykk uferdige.
5Difor fann eg det naudsynlegt å telja brørne til å ganga i fyrevegen til dykk og fyreåt tilskipa gåva dykkar som fyrr var lova, so at ho kann vera ferdig som ei velsigning og ikkje som ei karg gåva.
6Men det segjer eg: Den som sparleg sår, skal og sparleg hausta; og den som sår med velsigningar, skal og hausta med velsigningar.
7Kvar gjeve som han set seg fyre i hjarta, ikkje med sut eller av tvang! For Gud elskar ein glad gjevar.
8Og Gud er megtig til å gjeva dykk all nåde i rikt mål, so de i alle ting alltid kann hava all nøgd og vera rike til all god gjerning,
9som skrive stend: «Han strøydde ut, han gav dei fatige, hans rettferd vert verande i all æva.»
10Og han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal og gjeva dykk sæde og gjera det rikelegt og gjeva vokster til frukterne av dykkar rettferd,
11med di de i alt vert rike til all einfald kjærleik, som ved oss verkar takk til Gud.
12For tenesta med denne hjelp utfyller ikkje berre det som vantar hjå dei heilage, men ber og rik frukt med takk til Gud ifrå mange,
13då dei ved det sannrøynde hjartelag som denne hjelp syner, må prisa Gud for dykkar lydnad til å sanna Kristi evangelium, og for den einfalde truskapen i samfundet med deim og med alle,
14med di dei og i bøn for dykk lengtar etter dykk for den Guds nåde som er so ovrik yver dykk.