9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Då no Sanballat og Tobia og arabaren Gesem og dei hine fiendarne våre fekk spurt at eg hadde bygt upp muren, og at det ikkje fanst nokon rivna att i honom - endå hadde eg ikkje sett inn dører i portarne -
2då sende Sanballat og Gesem bod til meg med dei ordi: «Kom, lat oss setja stemna med kvarandre i ein av landsbyarne i Onodalen!» Dei tenkte å gjera meg eitkvart ilt.
3Eg sende bod attende og svara deim: «Eg driv på med eit stort arbeid, so eg kann ikkje koma ned. Kvi skulde arbeidet kvila, når eg gjekk frå det og kom ned til dykk?»
4Fire gonger sende dei same bodet til meg; kvar gong gav eg deim same svaret.
5Femte gongen sende Sanballat same bodet, og det med drengjen sin med ope brev i handi.
6Der stod skrive: «Det ordet gjeng millom grannefolki, og Gasmu segjer det same, at du og jødarne tenkjer på upprør mot kongen, og det er difor du byggjer upp att muren; ja, at du etlar deg verta kongen deira, so segjer dei.
7Og at du jamvel hev tinga deg profetar til å ropa ut i Jerusalem at du er konge i Juda. No vil kongen få høyra um dette. Kom då, lat oss samrådast!»
8Då sende eg dette svaret: «Ingen ting hev hendt av det du nemner; det er noko du sjølv hev funne på.»
9Dei tekte alle dei skulde skræma oss, so henderne våre skulde valna og arbeidet verta ugjort. Men styrk du henderne mine!
10Eg kom inn i huset åt Semaja, son åt Delaja, soneson åt Mehetabel, medan han heldt seg inne. Han sagde: «Lat oss ganga saman til Guds hus, inn i templet, og stengja dørerne til templet; for dei kjem og vil drepa deg, ja, dei kjem um natti og vil drepa deg.»
11Men eg svara: «Skulde ein mann som eg røma sin veg? Eller kann ein mann som eg ganga inn i heilagdomen og endå få liva? Eg gjeng ikkje.»
12Eg skyna greidt at ikkje Gud hadde sendt honom, han tala dette profetordet yver meg berre av di Tobia og Sanballat hadde leigt honom til det.
13Meiningi med dette var at han skulde skræma meg til å gjera so og dermed forsynda meg. Det vilde gjenge på æra mi, so dei kunde ført spott og skam yver meg.
14Min Gud, kom i hug Tobia og Sanballat for desse verki hans, og like eins profetkvinna Noadja og dei hine profetarne som vilde skræma meg.
15Muren vart fullt ferdig på tvo og femti dagar, den fem og tjugande dagen i månaden elul.
16Då alle fiendarne våre spurde dette, då ottast alle grannefolki, og dei minka mykje i sine eigne augo. Dei skyna at dette arbeidet var eit verk av vår Gud.
17I dei dagarne skreiv dei jødiske adelsmennerne mange brev som gjekk til Tobia, og frå Tobia kom det brev attende til deim.
18Mange jødar var i svorne vener av honom; han var måg til Sekanja Arahsson; og Johanan, son hans, var gift med dotter åt Mesullam Berekjason.
19Gong på gong tala dei med meg um dygderne hans, og mine ord bar dei fram til honom. Tobia sende ogso brev til å skræma meg.