9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Då samla heile folket seg, alle som ein mann på torget midt for Vatsporten. Dei bad Ezra, den skriftlærde, henta boki med Moselovi som Herren hadde bode Israel.
2Då bar presten Ezra lovi fram for lyden, for menner og kvinnor og alle som kunde skyna det dei høyrde. Det var fyrste dagen i sjuande månaden.
3Han las upp or henne frå dagsprett til middag, ved torget framfor Vatsporten, for menner og kvinnor og deim som kunde skyna det; og alt folket lydde på lovboki.
4Ezras, den skriftlærde, stod på ein tram av tre som dei hadde laga til det. Jamsides med honom stod Mattitja, Sema, Anaja, Uria, Hilkia og Ma’aseja på høgre sida, og på vinstre sida Pedaja, Misael, Malkia, Hasum, Hasbaddana, Zakarja og Mesullam.
5Ezra opna boki so alle såg det; for han stod høgare enn dei alle. Og med same han opna, reis dei alle upp.
6Ezra lova Herren, den store Gud, og heile folket svara: «Ja, ja!» - med di dei rette upp henderne. Dei bøygde seg og kasta seg å gruve på jordi for Herren.
7Og Jesua, Bani, Serebja, Jamin, Akkub, Sabbetai, Hodia, Ma’aseja, Kelita, Azarja, Jozabad, Hanan, Pelaja og dei hine levitarne tolka lovi for folket, medan folket vart standande kvar på sin stad.
8Dei las tydeleg or boki, or Guds lov; og lagde ut meiningi, so folket kom til å skyna det.
9Nehemia, jarlen, og den skriftlærde presten Ezra, og levitarne, som lærde folket, sagde til alt folket: «Denne dagen er heilag for Herren, dykkar Gud. Syrg ikkje og gråt ikkje!» For heile folket gret då dei høyrde dei ordi i lovi.
10Og han sagde til deim: «Gakk no og et den beste mat, og drikk den søtaste vin de hev! Og send gåvor til den som inkje hev! For denne dagen er heilag for vår Herre. No skal de ikkje syta. Gleda i Herren er dykkar faste borg!»
11Ogso levitarne hysja på alt folket og sagde: «Ver stille, dagen er heilag, de må ikkje syta!»
12Då gjekk heile folket burt og åt og drakk og sende gåvor ikring og heldt ei stor gledehøgtid; dei hadde lagt seg på hjarta det som var sagt deim.
13Dagen etter, då ættehovdingarne i heile folket og prestarne og levitarne samla hjå den skriftlærde Ezra og vilde få meir greida på ordi i lovi,
14då fann dei skrive i lovi, at Herren hadde bode ved Moses at Israels-borni skulde bu i lauvhyttor på høgtidi i sjuande månaden,
15og at dei skulde kunngjera og ropa ut i alle byarne sine og i Jerusalem: «Far til fjells og henta lauv av planta oljetre og ville oljetre, myrt og palmor og andre lauvrike tre og bygg lauvhyttor, som fyreskrive er!»
16Då gjekk folket ut og henta, og bygde seg lauvhyttor på tak og på tun, kvar heime hjå seg, og i tuni ved Guds hus og på torgi ved Vatsporten og Efraimsporten.
17Heile lyden, alle som var heimkomne frå utlægdi, bygde seg lauvhyttor og budde i deim. Sidan dei dagarne då Jesua Nunsson livde og like til denne dagen hadde Israels-borni ikkje gjort det. Og der var ovleg stor gleda.
18Kvar dag las dei upp or Guds lovbok, frå fyrste dagen til siste; dei heldt høgtig i sju dagar, og på den åttande heldt dei stor samlingshøgtid, etter fastsett skikk.