9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Då no muren var uppbygd, sette eg inn dørerne. Og portvakti tilsett; like eins songarane og levitarne.
2Og eg sette yver Jerusalem Hanani, bror min, og Hananja, borghovdingen; han vart halden for ein framifrå truverdig og gudleg mann.
3Og eg sagde til deim: «Portarne i Jerusalem må ikkje verta opna fyrr soli tek til å hita. Og medan vakti endå stend på post, skal dørerne verta stengde og læste, og nye vaktfolk skal stella seg upp av borgararne i Jerusalem, kvar på post, kvar utanfor sitt hus.»
4Byen var vid og stor, men folket i honom var fåment, og husi var ikkje uppbygde.
5Eg fekk då den inngivnad av min Gud at eg skulde stemna i hop dei adelborne og formennerne og heile folket til uppskriving i ættarlista. Då fann eg ættarlista yver deim som fyrst hadde fare heim. Og der fann eg skrive:
6Her kjem talet på dei fylkesbuarne som for heim or utlægdi, dei som Nebukadnessar, kongen i Babel, hadde ført burt, og som no for heim att til Jerusalem og Juda, kvar til sin by.
7Dei fylgde Zerubbabel og Jesua, Nehemia og Azarja, Ra’amja og Nahamani, Mordokai og Bilsan, Misperet og Bigvai, Nehum og Ba’ana. - Dette er manntalet yver alle mennerne i Israels-lyden:
8Paros-sønerne, tvo tusund eit hundrad og tvo og sytti;
9Sefatja-sønerne, tri hundrad og tvo og sytti;
10Arahs-sønerne, seks hundrad og tvo og femti;
11Pahat-Moabs-sønerne, av Jesua- og Joabs-sønerne, tvo tusund åtte hundrad og attan;
12Elams-sønerne, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
13Zattu-sønerne, åtte hundrad og fem og fyrti;
14Zakkai-sønerne, sju hundrad og seksti;
15Binnui-sønerne, seks hundrad og åtte og fyrti;
16Bebai-sønerne, seks hundrad og åtte og tjuge;
17Azgads-sønerne, tvo tusund tri hundrad og tvo og tjuge;
18Adonikams-sønerne, seks hundrad og sju og seksti;
19Bigvai-sønerne, tvo tusund og sju og seksti;
20Adins-sønerne, seks hundrad og fem og femti;
21Aters-sønerne av Hizkia-ætti, åtte og nitti;
22Hasums-sønerne, tri hundrad og åtte og tjuge;
23Besai-sønerne, tri hundrad og fire og tjuge;
24Harifs-sønerne, hundrad og tolv;
25Gibeons-sønerne, fem og nitti;
26mennerne frå Betlehem og Netofa, hundrad og åtte og åtteti;
27mennerne frå Anatot, hundrad og åtte og tjuge;
28mennerne frå Bet-Azmavet, tvo og fyrti;
29mennerne frå Kirjat-Jearim, Kefira og Be’erot, sju hundrad og tri og fyrti;
30mennerne frå Rama og Geba, seks hundrad og ein og tjuge;
31mennerne frå Mikmas, hundrad og tvo og tjuge;
32mennerne frå Betel og Aj, hundrad og tri og tjuge;
33mennerne frå det andre Nebo, tvo og femti;
34den andre Elam søner, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
35Harims-sønerne, tri hundrad og tjuge;
36Jeriko-sønerne, tri hundrad og fem og fyrti;
37Lods-, Hadids- og Ono-sønerne, sju hundrad og ein og tjuge;
38Sena’a-sønerne, tri tusund ni hundrad og tretti.
39Av prestarne: Jedaja-sønerne av Jesua-ætti, ni hundrad og tri og sytti;
40Immers-sønerne, eit tusund og tvo og femti;
41Pashurs-sønerne, eit tusund tvo hundrad og sju og fyrti;
42Harims-sønerne, eit tusund og syttan.
43Av levitarne: Jesua-sønerne av Kadmiels-ætti, av Hodeva-sønerne, fire og sytti.
44Av songarane: Asafs-sønerne, hundrad og åtte og fyrti.
45Av dørvaktarane: Sallums-sønerne, Aters-sønerne, Talmons-sønerne, Akkubs-sønerne, Hatita-sønerne, Sobai-sønerne, hundrad og åtte og tretti.
60Alle tempelsveinarne og sønerne åt Salomo-sveinarne var i alt tri hundrad og tvo og nitti.
61Frå Tel-Melah og Tel-Harsa, Kerub og Addon og Immer for dei ut dei som her skal nemnast; men dei kunde ingi greida gjeva um federne sine og ætti, - um dei i det heile høyrde Israels-folket til; det var:
62Delaja-sønerne, Tobia-sønerne og Nekoda-sønerne, seks hundrad og tvo og fyrti,
63og av prestarne: Habaja-sønerne, Hakkos-sønerne, sønerne åt Barzillai, han som hadde teke ei av døtterne åt Gileads-mannen Barzillai til kona og fekk namn etter deim.
64Desse leita etter ættartavlorne sine, men kunde ikkje finna deim; difor vart dei kjende uverdige til å vera prestar.
65Jarlen dømde at dei ikkje måtte eta av det høgheilage fyrr det stod fram ein prest med urim og tummim.
66Heile lyden var i alt tvo og fyrti tusund tri hundrad og seksti,
67umfram trælarne og trælkvinnorne; talet på deim var sju tusund tri hundrad og sju og tretti. Dertil kom tvo hundrad og fem og fyrti songarar, karar og kvende.
68Dei hadde sju hundrad og seks og tretti hestar, tvo hundrad og fem og fyrti muldyr,
69fire hundrad og fem og tretti kamelar, og seks tusund sju hundrad og tjuge asen.
70Nokre av ættehovdingane ytte pengehjelp til arbeidet. Jarlen lagde i kassa fem tusund dalar i gull, femti skåler, og fem hundrad og tretti prestekjolar.
71Og nokre av ættarhovdingarne lagde i byggjekassa hundrad tusund dalar i gull og seks og seksti tusund dalar i sylv.
72Og det som hitt folket gav, var hundrad tusund dalar i gull, seksti tusund dalar i sylv, og sju og seksti prestekjolar.
73Prestarne og levitarne og dørvaktarane og songarane, og nokre av lyden, og tempelsveinarne og heile Israel elles sette då bu i sine byar. Då den sjuande månaden kom, var Israels-sønerne i sine byar.