9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
2«Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du reisa møtetjeldhuset.
3Der skal du setja lovtavlekista, og hengja forhenget attfor kista.
4So skal du setja inn bordet, og på det skal du skipa det som på det skal vera. Og du skal bera inn ljosestaken, og setja upp lamporne på honom.
5Det gullklædde røykjelsesaltaret skal du setja framanfor lovtavlekista, og so skal du hengja upp dørtæpet i husdøri.
6Brennofferaltaret skal du setja framanfor døri til møtetjeldhuset,
7og balja skal du setja millom møtetjeldet og altaret, og hava vatn upp i henne,
8og so skal du setja upp garden kring tunet, og hengja upp tæpet i tunporten.
9Sidan skal du taka salvingsoljen, og salva huset og alt som i det er, og vigsla både huset og all bunaden i det, so det vert heilagt.
10Og du skal salva brennofferaltaret og alt det som til høyrer, og vigsla altaret, og då skal altaret vera høgheilagt.
11Og du skal salva balja og foten ho stend på og vigsla henne.
12So skal du kalla Aron og sønerne hans burtåt møtetjelddøri, og två deim med vatn,
13og du skal klæda Aron i den heilage klædebunaden, og salva honom og vigsla honom, og so skal han vera prest for meg.
14Og sønerne hans skal du og kalla fram og klæda deim med underkjolar,
15og salva deim, liksom du salva far deira, so dei kann vera prestar for meg, og salvingi skal gjeva deim retten til preste-embættet, mann etter mann, i all æva.»
16Og Moses gjorde so: han gjorde i alle måtar som Herren sagde honom fyre.
17Den fyrste månaden av det andre året, den fyrste dagen i månaden, var det at huset vart reist.
18Då reiste Moses huset: han sette ned stabbarne og reiste upp plankarne, lagde inn tverstokkarne og sette upp stolparne,
19so spana han ut tjeldet yver huset, og lagde tjeldtaket ovanpå, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
20So tok han og lagde lovtavlorne ned i kista, og sette stengerne i, og sette loket yver kista.
21Og kista sette han inn i gudshuset, og feste upp forhengtæpet, so det hekk attfor lovtavlekista, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
22So sette han bordet i møtetjeldet, innåt nørdre husveggen, utanfor forhenget,
23og skipa brødi i rader på det for Herrens andlit, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
24Ljosestaken sette han og i møtetjeldet, midt for bordet, innmed søre husveggen,
25og sette upp lamporne for Herrens åsyn, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
26Gullaltaret og sette han i møtetjeldet, framanfor forhenget,
27og brende angande røykjelse på det, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
28So hengde han upp dørtæpet,
29og sette brennofferaltaret frammed døri til møtetjeldhuset, og ofra brennoffer og grjonoffer på det, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
30Balja sette han millom møtetjeldet og altaret, og hadde vatn i henne som dei skulde två seg med,
31og Moses og Aron og sønerne hans tok av vatnet og tvo hender og føter;
32kvar gong dei gjekk inn i møtetjeldet eller fram åt altaret, so tvo dei seg, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
33So sette han upp garden kringum huset og altaret, og hengde upp tæpet i tunporten, og so var Moses ferdig med verket.
34Då sveipte skyi seg kringum møtetjeldet, og herlegdomen åt Herren fyllte huset.
35Og Moses kunde ikkje koma inn i møtetjeldet, av di at skyi låg yver tjeldet, og herlegdomen åt Herren fyllte huset.
36Og kvar gong skyi lyfte seg ifrå gudshuset, tok Israels-folket ut; so gjorde dei på alle ferderne sine.
37Men når skyi ikkje lyfte seg, so tok dei ikkje ut, men drygde til den dagen ho lyfte seg att.
38For Herrens sky låg yver huset um dagen, og um natti skein ho som eld for augo åt heile Israels-ætti på alle ferderne deira.