9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Sjå, med rettferd skal kongen råda, og hovdingarne skal styra etter rett,
2og kvar ein av deim skal vera som eit skyle for veret og ei livd mot sturtregn, som vatsbekkjer på ein turr stad, som skuggen av eit veldugt berg i eit uppturka land.
3Då skal augo åt deim som ser ikkje vera blinde, og øyro åt deim som høyrer, skal vera grannhøyrde,
4hjarto åt dei tankelause skal evla skyna, og tunga åt dei stame skal hava lett for å tala klårt.
5Dåren skal ein ikkje meir kalla gjæv, og den innfule skal ein ikkje kalla hugstor.
6For dåren talar dårskap, og hjarta hans finn på vondt; han gjer vanheilag gjerd, og talar forvende ting um Herren, han let den hungrige svelta og let den tyrste vanta drikka.
7Og våpni åt den innfule er vonde; han tenkjer ut meinråder, til å føra dei spaklyndte i ulukka med falske ord, og det når den fatige talar det som rett er.
8Men gjævingen hev gjæve tankar, og han stend fast ved det som gjævt er.
9De sorglause kvinnor, statt upp og høyr det eg segjer! De trygge døtter, vend øyra dykkar til min tale!
10Um år og dag skal de skjelva, de trygge! For det er ute med vinhausten, frukhausten kjem ikkje.
11Vert forfærde, de sorglause; skjelv, de trygge! Klæd dykk og næk dykk, og umgyrd dykkar lender!
12Dei slær seg for bringa yver dei fagre marker, yver det fruktrike vintreet,
13yver jordi åt mitt folk, der tornar og tistlar skyt upp, ja, yver alle gledehus, den morogalne byen.
14For borgi er tom, mugen i byen er burte. Haug og vakttårn hev vorte til holor for ævelege tider, til frygd for villasen, til beite for bølingar -
15til dess åndi vert utrend yver oss frå det høge, og øydemarki vert til ein frukthage, og frukthagen vert rekna som skog.
16Og rett skal bu i øydemarki, og rettferd skal hava sin heim i frukthagen.
17Og rettferds verk skal vera fred, og rettferds frukt ro og tryggleik til æveleg tid.
18Og folket mitt skal bu i freds bustad og i tryggleiks tjeld og på sorgfrie kvilestader.
19Men det skal hagla når skogen fell, og djupt skal byen søkka ned.
20Sæle er de som sår attved alle vatn, som let uksen og asnet vera på frifot!