9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Um Moab. So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Usæla yver Nebo, for det er øydt, Kirjatajim er vorti til skammar, er teke, borgi er vorti til skammar og er livskræmd.
2Med Moabs frægd er det ute. I Hesbon bryggjar dei på meinråder imot det: «Kom, lat oss rydja det ut, so det ikkje lenger er eit folk!» Du og, Madmen, skal tagna, sverdet elter deg.
3Naudrop høyrest frå Horonajim, herjing og stort tjon.
4Moab er i øyde lagt; dei let naudropi høyrast alt til Soar.
5For gråtande gjeng dei upp stigen til Luhit, på vegen ned til Horonajim høyrer dei naudropi yver tjonet.
6Fly, berga livet dykkar, og vert som hjelpelause i øydemarki!
7For av di du leit på dine verk og dine skattar, skal du og verta teken. Og Kamos lyt fara i utlægd, hans prestar og hans hovdingar i lag med kvarandre.
8Og ein tynar skal koma yver kvar ein by, og ingen skal sleppa undan. Dalen skal forgangast og slettlendet øydeleggjast, so som Herren hev sagt.
9Gjev Moab vengjer! for fljugande lyt han fara burt, og hans byar skal verta ei audn, so ingen bur i deim.
10Forbanna vere den som er seinfør til å gjera Herrens verk, og forbanna vere den som held sverdet sitt att ifrå blod!
11Moab hev livt i fred frå sin ungdom; han hev lege still på bermen sin og er ikkje tømd or eit kjer i anna, og aldri hev han fare i utlægd; difor sit dåmen hans i honom endå, og angen av honom hev ikkje brigdast.
12Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg sender honom vintapparar, og dei skal halla på kjeri hans og tøma deim og krasa krukkorne hans.
13Då skal Moab skjemmast av Kamos, likeins som Israels hus skjemdest av Betel, som dei leit på.
14Kor kann de segja: «Me er kjempor og velduge hermenner?»
15Moab er øydelagd, og dei stig upp i byarne hans, og hans druste drengjer stig ned til å verta slagta, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans.
16Tjonet på Moab er kome nær, og ulukka hans hev bråhast.
17Hav medynk med honom, alle de som bur kringum honom, og alle de som kjenner namnet hans! Seg: «Korleis brotna teinen den sterke, staven den prydelege?»
18Stig ned or ditt æresæte og set deg på turre jordi, du busitjande Dibons dotter! For Moabs tynar stig upp imot deg, han legg borgerne dine i øyde.
19Gakk ut på vegen og skygn utyver, du som bur i Aroer! Spør honom som flyr, og henne som kjem seg undan, seg: «Kva er hendt?»
20Moab var til skammar, for han er krasa; barma dykk og ropa! Kunngjer hjå Arnon at Moab er øydelagd!
21Ja, domen er komen yver slettelandet, yver Holon og yver Jahsa og yver Mofa’at
22og yver Dibon og yver Nebo og yver Bet-Diblatajim
23og yver Kirjatajim og yver Bet-Gamul og yver Bet-Meon
24og yver Kerijot og yver Bosra og yver alle byarne i Moablandet, fjerr og nær.
25Avhogge er Moabs horn, og armen hans er broten, segjer Herren.
26Gjer honom drukken, for han hev ovmoda seg mot Herren. Ja, Moab skal baska seg i spya si og verta til åtløgje, han og.
27Eller hadde du ikkje Israel til åtløgje? Eller var han gripen millom tjuvar, sidan du rister på hovudet kvar gong du talar um honom?
28Gakk burt ifrå byarne og set bu på bergknausar, de Moabs ibuarar, og ver like duva som lagar seg reir burtum gil- gapet!
29Me hev høyrt um Moabs ovmod - storleg ovmoda han seg - um hans storlæte og ovmod og byrgskap og hjartans ovlæte.
30Eg kjenner, segjer Herren, hans ageløysa, det fåfengelege kytet hans, fåfengd hev han fare med.
31Difor lyt eg barma meg yver Moab, yver heile Moab lyt eg ropa, yver mennerne i Kir-Heres lyt ein sukka.
32Meir enn Jazer græt, lyt eg gråta yver deg, du vintre frå Sibma: kvisterne dine gjekk yver havet, dei nådde alt til Jazerhavet; midt i fruktonni di og vinonni di hev ein tynar søkt på deg.
33Gleda og fagnad er kvorve or aldehagen og or Moablandet, og vinen let eg trjota i vinpersorne. Dei trøder vinpersa med fagnadrop; fagnadropi som ikkje er slike fagnadrop.
34Frå det jamrande Hesbon alt til El’ale, alt til Jahas let dei røysti si ljoma, frå Soar til Horonajim, til Eglat-Selisa; for jamvel Nimrim-vatni vert til øydemarker.
35Og eg vil rydja ut or Moab, segjer Herren, kvar og ein som stig upp på ein haug og brenner røykjelse åt gudarne sine.
36Difor læt hjarta mitt som ei fløyta yver Moab, yver mennerne i Kir-Heres læt hjarta mitt som ei fløyta; difor misser dei det dei hev mugga i hop.
37For kvart eit hovud er fleinskalla, og alt skjegg er avraka, på alle hender er det rispa i holdet, og um lenderne sekk.
38Uppå alle taki i Moab og på torgi høyrest berre usælerop; for eg hev krasa Moab som eit kjerald ingen hev hugnad i, segjer Herren.
39Å, kor forfærd han er! kor dei eiar seg! Å, kor Moab snur ryggen til skjemsla! Ja, Moab skal verta til eit åtløgje og ei skræma for alle som bur der kringum.
40For so segjer Herren: Sjå, det kjem ein fljugande som ein ørn og breider vengjerne sine ut yver Moab.
41Byarne vert tekne, borgerne vunne, og hjarta til kjemporne i Moab vert den dagen som hjarta til kvinna i barnsnaud.
42Og Moab skal verta øydelagd so han ikkje lenger er eit folk, for mot Herren hev han ovmoda seg.
43Gruv og grav og gildra åt deg som bur i Moab, segjer Herren.
44Den som flyr undan gruvi, fell i gravi, og den som kjem seg upp or gravi, vert fanga i gildra. For eg let koma yver honom, yver Moab, eit år med heimsøkjing yver deim, segjer Herren.
45I Hesbons skugge stend magtstolne rømingar; for eld fer ut or Hesbon og ein loge midt ut or Sihon, og han øydde Moabs tunnvange og kruna til stridsgny-sønerne.
46Usæl du Moab! Det er ute med folket åt Kamos; for sønerne dine vert tekne til fangar og døtterne dine til herfang.
47Men eg gjera ende på Moabs utlægd når tider er lidne, segjer Herren. So langt domen yver Moab.