9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1For denne Melkisedek, konge i Salem og den høgste Guds prest, han som gjekk Abraham til møtes då han kom att frå sin siger yver kongarne, og som velsigna honom,
2som Abraham og gav tiend av alt; han som er, når hans namn vert utlagt, fyrst rettferds konge, dinæst og Salems konge, det er freds konge,
3som er utan far, utan mor, utan ættartal, og som korkje hev dagars byrjing eller livs ende, men er gjord lik med Guds son: han vert prest for alltid.
4Og sjå kor stor han er, som Abraham, patriarken, endå gav tiend av herfanget!
5Og dei av Levi søner som fær prestedømet, hev påbod um å taka tiend etter lovi av folket, det er av sine brør, endå desse er komne or Abrahams lend.
6Men denne, som ikkje reknar si ætt frå deim, han tok tiend av Abraham og velsigna den som hadde lovnaderne.
7Men utan all motsegn er det den ringare som vert velsigna av den høgre.
8Og her er det døyelege menneskje som tek tiend, men der ein som det vert vitna um at han liver.
9Og um eg so må segja: Gjenom Abraham hev endå Levi, som tek tiend, sjølv gjeve tiend;
10for han var endå i sin fars lend då Melkisedek gjekk honom til møtes.
11Var det då fullkomenskap å vinna ved det levitiske prestedømet - for det var folket bunde til ved lovi - kvi turvest det då at ein annan prest skulde verta uppstelt etter Melkisedeks vis og ikkje verta nemnd etter Arons vis?
12For når prestedømet vert umskift, vert det naudsynleg og eit umskifte med lovi.
13For han som dette vert sagt um, høyrde til ei onnor ætt, og ingen av henne hev tent for altaret.
14Det er kjent nok at vår Herre er upprunnen av Juda, og til den ætti hev ikkje Moses tala noko um prestar.
15Og det er endå meir openbert, når ein annan prest vert uppstelt i likning med Melkisedek,
16ein som ikkje hev vorte det etter eit kjøtlegt bods lov, men etter eit uforgjengelegt livs kraft.
17For han vitnar: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»
18For eit bod som fyrr galdt, vert avlyst, av di det var magtlaust og gagnlaust
19- for lovi førde ingen ting fram til fullkomenskap - og ei betre von vert innførd, som me nærmar oss til Gud med.
20Og so visst som det ikkje vart gjort utan eid
21- for hine hev vorte prestar utan eid, men denne med eid ved den som segjer til honom: «Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis»» -
22so visst er det ei hævare pakt som Jesus hev vorte borgsmann for.
23Og hine prestarne hev vore fleire, då dei ved dauden vart hindra i å halda ved.
24Men denne hev eit uforgjengelegt prestedøme, av di han vert verande til æveleg tid.
25Difor kann han og fullkomleg frelsa deim som kjem til Gud ved honom, med di han liver alltid til å ganga i bøn for deim.
26For me laut og hava ein sovoren øvsteprest som er heilag, uskuldig, rein, skild frå syndarar og upphøgd yver himlarne,
27ein som ikkje dagleg treng til, som øvsteprestarne, å bera fram offer fyrst for sine eigne synder og so for synderne åt folket; for det gjorde han ein gong for alle då han ofra seg sjølv.
28For lovi set til øvsteprestar menneskje som hev vesaldom; men den eids ord som kom etter lovi, set Sonen inn, han som er fullenda for all æva.