9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Bøta skal Samaria, av di det hev vore tråssugt imot sin Gud. For sverd skal dei falla, småborni deira skal verta krasa, og dei kvinnor som er med barn, skal ristast upp.
2Vend um, du Israel, til Herren, din Gud! For med di misgjerning hev du ført deg i fall.
3Tak med dykk ord, og vend um til Herren! Seg til honom: «Forlat all misgjerning og tak imot det som godt er, lat oss betala med uksar - med våre lippor!
4Assur skal ikkje frelsa oss. På hestar skal me ikkje rida. Og ikkje meir skal me segja: «Vår Gud!» til det som henderne våre hev gjort. For hjå deg er det at den faderlause fær miskunn.»
5Ja, deira fråfall vil eg lækja. Eg vil elska deim av fri hug, av di vreiden min hev vendt seg ifrå deim.
6Eg skal vera som dogg for Israel. Bløma skal han som ei lilja, og røtast skal han som Libanon.
7Renningarne hans skal spreida seg, og skal vera som eit oljetre i fagerleik, og anga som Libanon.
8Dei som bur i skuggen hans, skal atter avla korn og bløma som vintreet. Minnet um honom skal vera som vin ifrå Libanon.
9Men du, Efraim! Kva skal eg med avgudarne meir? Eg bønhøyrer og ser til honom. Eg er som eit grønt cypresstre. Frå meg skal di frukt vera å finna. Den som er vis, han agte på dette, den som er vitug, merke seg det! For Herrens vegar er rette, og rettvise ferdast på deim, men illgjerdsmenner stuper på deim.