9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Eit rikt vintre er Israel og ber frukt. Men di meir frukt han fekk, di meir auka han talet altari sine. Di betre det gjekk for landet hans, di betre gjorde han minnesteinarne.
2Hjarto deira var falske, no skal dei få bøta. Han skal brjota ned altari deira og slå sund deira minnesteinar.
3Ja, no skal dei segja: «Ingen konge hev me, for me hev ikkje ottast Herren. Og kongen, kva kann vel han gjera for oss?»
4Tala tome ord, sverja falskt, gjera semja! Og domen renn upp som beiskt ugras på åkerforerne.
5For kalven i Bet-Aven er Samaria-buarne ottefulle. Ja, folket hans syrgjer yver honom, og prestarne hans skjelv for honom, for herlegdomen hans, av di han er førd burt ifrå honom.
6Han sjølv skal førast til Assur, ei gåva til kong Jareb. Skam skal Efraim henta seg, skjemmast skal Israel for rådgjerdi si.
7Ute er det med Samaria-kongen, som ei treflis på vatnet rek han av.
8Øydast skal Avens offerhaugar, Israels synd. Torn og tistel skal renna upp på altari deira. Og dei skal segja til fjelli: «Gøym oss!» og til haugarne: «Velt dykk yver oss!»
9Radt ifrå Gibea-dagarne hev du synda, Israel! Der hev du stade. Skulde han ikkje nå deim i Gibea, krigen mot nidingarne?
10Når eg hev hug til det, tuktar eg deim. Og folki samlar seg imot deim og bind deim fast til tvifalds-syndi deira.
11Og Efraim er ei tamd kviga som likar å treskja. Og eg hev spart den fagre halsen hennar. No vil eg leggja oket på Efraim. Juda skal pløgja, Jakob skal horva.
12Så åt dykk som rettferd krev, hausta etter kjærleiks lov! Brjot dykk nybrot! For det er tid til å søkja Herren, so han kann koma og lata rettferd regna yver dykk.
13De hev pløgt gudløysa, rettløysa hev de hausta. De hev ete lygjefrukt, med di du hev sett lit til vegen din, til mengdi av kjemporne dine.
14Med det reiser seg ein stridsdun millom fylki dine, og alle borgfesti dine skal falla, liksom Bet-Arbel vart lagt i øyde av Salman den stridsdagen då dei krasa både mor og barn.
15Slikt skal Betel føra yver dykk for dykkar store vondskap. Når morgonen rodar, er det ute, ute med Israels-kongen.