9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Efraim hev ringa meg inn med lygn, og Israels hus med svik. Og Juda er alljamt agelaus imot Gud, mot den Heilage, den Trufaste.
2Efraim stundar etter vind, og jagtar etter austanver. All dagen aukar det på med lygn og vald. Samband med Assur gjer dei, og olje fører dei til Egyptarland.
3Men Herren fører sak med Juda, og vil heimsøkja Jakob for åtferdi hans, betala honom etter gjerningarne hans.
4I morslivet heldt han bror sin i hælen, og i si manndomskraft drogst han med Gud.
5Ja, han drogst med engelen og vann, han gret og bad honom um nåde. I Betel fann han honom, og der tala han med oss.
6Og Herren, allhers Gud - «Herren» er hans ærenamn.
7Og du, til din Gud skal du venda um. Hald fast på kjærleik og rett! Og bia stødt på din Gud!
8Kana’an, i handi hans er falsk vegt. Å gjera urett likar han.
9So segjer og Efraim: «Eg hev då vorte rik, eg hev vunne meg midel. Kva eg so strævar med, so skal dei då ikkje finna hjå meg nokon urett som er synd.»
10Men eg er Herren din Gud, alt ifrå Egyptarland, eg vil endå lata deg bu i tjeldbuder liksom i høgtidsdagarne.
11Og eg hev tala til profetarne, og eg, syner i mengd hev late deim sjå, og gjenom profetarne hev eg tala i liknader.
12Er no Gilead eit illgjerdsreir, so skal dei verta berre fåfengd. Ofrar dei uksar i Gilgal, so skal og altari deira verta som steinrøysar innmed forerne på marki.
13Og Jakob rømde til Aramsletta, og Israel træla for ei kona - og for ei kona gjætte han.
14Men ved ein profet førde Herren Israel frå Egyptarland, og ved ein profet gjætte han honom. Sår harm hev Efraim valde. Difor skal Herren hans lata blodskuldi hans koma yver honom, og han skal venda hans skjemdarferd mot honom sjølv.