9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Høyr Herrens ord, de Israels-born! For Herren hev sak med deim som bur i landet, av di det ingen truskap finst i landet, og ingen kjærleik og ingen kjennskap til Gud.
2Dei sver og lyg, dei drep og stel og driv hor. Dei fer med vald, og blodverk fylgjer på blodverk.
3Difor ligg landet i sorg, og alt som bur i det, sjuknar burt, både dyri på marki og fuglarne under himmelen. Jamvel fiskarne i havet set til.
4Like vel skal ingen skjella og ingen refsa; for folket ditt er liksom dei som trettar med ein prest.
5Ja, du skal falla um dagen, og profeten skal falla med deg um natti, og mor di tynar eg.
6Det er ute med folket mitt, av di det vantar kunnskap. Etter di du hev vanda kunnskap, so skal eg og vanda deg, so du ikkje vert min prest. Og etter di hev gløymt lovi åt din Gud, so skal eg og gløyma borni dine.
7Di fleire dei vart, di meir synda dei mot meg. Men deira heider skal eg snu um til vanheider.
8Av mitt folks synd nærer dei seg, og til misgjerningi deira stend deira hug.
9Men no skal det ganga med presten som folket. Eg skal straffa deim for deira ferd, og gjeva deim att for deira gjerd.
10Og eta skal dei og ikkje mettast, hora og ikkje meirast, av di dei hev slutta med å agta på Herren.
11Horeliv og vin og mjød tek vitet burt.
12Folket mitt spør stokken sin til råds, og hentar seg rettleiding av sin stav. For ei hordoms ånd hev villa deim, so dei med hor dreg seg burt ifrå sin Gud.
13Øvst uppå åsarne ofrar dei, og på kollarne brenner dei røykjelse, under eik og poppel og terebinta, av di skuggen der er god. So vert døtterne dykkar skjøkjor og sonekonorne dykkar horkonor.
14Likevel refsar eg ikkje døtterne dykkar for at dei er skjøkjor eller sonekonorne dykkar for at dei er horkonor. For mennerne sjølve løyner seg av med horkonor og ofrar med tempelskjøkjor. Soleis fer eit fåvitugt folk til sin undergang.
15Um no du Israel vil halda på med ditt horeliv, so må då ikkje Juda skuldbinda seg soleis. Kom då ikkje til Gilgal, og far ikkje upp til Bet-Aven, og sver ikkje: «So sant som Herren liver.»
16Um Israel stritar imot som ei balstyri ku, so skal Herren på hyrdingvis no føra deim som lamb på vidåtta.
17Bunden til avgudsbilæte er Efraim. So fær han då fara!
18Drikkinga deira er måtelaus. Hegdelaust driv dei sitt horeliv. Skjoldarne hennar elskar det som skamlegt er.
19Med eit stormver skal gripa deim med vengjerne sine, og dei skal verta til skammar med ofringarne sine.