17 When the poor and needy seek water, and there is none, and their tongue faileth for thirst, I the Lord will hear them, I the God of Israel will not forsake them.
18 I will open rivers in high places, and fountains in the midst of the valleys: I will make the wilderness a pool of water, and the dry land springs of water.
19 I will plant in the wilderness the cedar, the shittah tree, and the myrtle, and the oil tree; I will set in the desert the fir tree, and the pine, and the box tree together:
20 That they may see, and know, and consider, and understand together, that the hand of the Lord hath done this, and the Holy One of Israel hath created it.
1Og no, de rike, gråt og barma dykk for den ulukka som skal koma på dykk!
2Rikdomen dykkar er rotna, og klædi dykkar er mol-etne;
3gullet og sylvet dykkar er burtrusta, og rusti på det skal vera til vitne imot dykk og eta dykkar kjøt som ein eld. De hev sanka skattar i dei siste dagarne.
4Sjå, den løni de hev halde att for dei arbeidarar som hev skore åkrane dykkar, ho ropar, og ropet frå skurdfolket er kome inn for Herren Sebaots øyro.
5De hev livt på jordi i kjæla og etter lysterne dykkar; de hev gjødt hjarto dykkar på slagtardagen.
6De hev domfelt og drepe den rettferdige; ingen gjer motstand imot dykk.
7Ver då tolmodige, brør, til Herren kjem! Sjå, bonden ventar på den dyre avlingi av jordi og stundar tolmodeleg på henne, til ho fær haustregn og vårregn.
8So ver de og tolmodige og styrk dykkar hjarto! for Herrens tilkoma er nær.
9Sukka ikkje mot kvarandre, brør, so de ikkje skal verta dømde! Sjå, domaren stend for døri!
10Mine brør! tak profetarne, som tala i Herrens namn, til fyredøme på å lida vondt og vera tolmodige!
11Sjå, me prisar deim sæle som lid tolmodeleg. De hev høyrt um Jobs tolmod og set endelykti frå Herren; for Herren er inderleg miskunnsam og mild.
12Men framfor alt, brør, sver ikkje, korkje ved himmelen eller ved jordi eller nokon annan eid! Lat dykkar ja vera ja og dykkar nei vera nei, so de ikkje skal falla inn under domen!
13Lid nokon av dykk vondt, han bede! er nokon ved godt mod, han lovsyngje!
14Er nokon av dykk sjuk, han kalle til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal beda yver honom og salva honom med olje i Herrens namn;
15og den bøni av tru skal hjelpa den sjuke, og Herren skal reisa honom upp; og hev han gjort synder, skal dei verta honom forlatne.
16Sanna då synderne dykkar for kvarandre, og bed for kvarandre, so de kann verta lækte! Rettferdig manns bøn hev stor magt i sin verknad.
17Elia var ein mann under same vilkår som me; og han bad at det ikkje skulde regna, og det regnde ikkje på jordi på tri år og seks månader.
18Og han bad på nytt, og himmelen gav regn, og jordi bar si grøda.
19Mine brør! Um nokon av dykk hev fare vilt frå sanningi, og nokon umvender honom,
20han skal vita, at den som umvender ein syndar frå hans ville veg, han frelser ei sjæl frå dauden og løyner ei mengd med synder.