9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
2Høgt vil eg lova deg, Herre, for du hev drege meg upp og ikkje late mine fiendar gleda seg yver meg.
3Herre, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg.
4Herre, du hev ført meg upp frå helheimen, du hev vakt meg upp til liv frå deim som fer ned i gravi.
5Syng lov til Herren, de hans trugne, og prisa hans heilage namn!
6For ein augneblink varer hans vreide, ei heil levetid hans nåde; um kvelden kjem gråt til gjest, men til morgons vert det gledesong.
7Men eg sagde i min tryggleik: «Eg skal ikkje verta rikka i all æva.»
8Herre, ved din nåde hadde du grunnfest mitt fjell; du løynde di åsyn, då vart eg forfærd.
9Til deg, Herre, ropa eg, og til Herren bad eg inderleg:
10«Kva vinning er det i mitt blod, i at eg fer ned i gravi? Kann mold prisa deg, forkynna din truskap?
11Herre, høyr og ver meg nådig! Herre, ver min hjelpar!»
12Du vende mi sorg um til dans for meg, du klædde av meg min syrgjebunad og gyrde meg med gleda, so mi æra kann lovsyngja deg og ikkje tagna. Herre, min Gud, eg vil æveleg prisa deg.