1Til songmeisteren; «tyn ikkje»; ein salme av Asaf, ein song.
2Me prisar deg, Gud, me prisar, og nær er ditt namn, dei fortel um dine under.
3For «eg vil gripa den fastsette tid, eg, med rettferd vil eg døma.
4Jordi og alle som bur der, kjem i røra, eg hev sett hennar stolpar fast.» Sela.
5Eg segjer til skrøytarane: «Skrøyt ikkje!» og til dei ugudlege: «Reis ikkje horn!
6Reis ikkje hornet dykkar høgt, gjer ikkje nakke og tala agelaust!»
7For ikkje frå aust eller frå vest, og ikkje heller frå fjell-øydemarki -
8men Gud er den som dømer, den eine nedrar han, hin høgrar han.
9For eit staup er i Herrens hand med skumande vin, det er fullt av kryddevin, og han skjenkjer av det, ja, bermen skal dei suga til seg og drikka, alle dei ugudlege på jordi.
10Men eg vil forkynna det æveleg, eg vil lovsyngja Jakobs Gud. Og alle horni på dei ugudlege vil eg hogga av; horni på den rettferdige skal reisa seg høgt.