1Til songmeisteren, etter Mahalat; ein salme til lærdom av David.
2Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira misgjerning; det er ingen som gjer godt.
3Gud skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.
4Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det er ikkje ein einaste.
5Veit dei det då ikkje, dei som gjer urett? Dei et mitt folk som dei et brød; på Gud kallar dei ikkje.
6Då vert dei storleg rædde, der ingen ræddhug var; for Gud spreider beini av deim som lægrar seg mot deg; du gjer deim til skammar, for Gud hev støytt deim burt. Å, gjev frelsa frå Sion må koma yver Israel! Når Gud vender sitt folks vanlukka, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.