1Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David,
2då zifitarne kom og sagde til Saul: «David held seg løynd hjå oss.»
3Gud, frels meg ved ditt namn, og døm meg til min rett ved di kraft!
4Gud, høyr mi bøn, vend øyra til ordi frå min munn!
5For framande stend upp imot meg, og valdsmenner stend meg etter livet; dei hev ikkje Gud for augo. Sela.
6Sjå, Gud hjelper meg, Herren er den som held uppe mi sjæl.
7Det vonde skal falla tilbake på deim som lurar på meg; gjer deim til inkjes i din truskap! Med viljugt hjarta vil eg ofra til deg; ditt namn vil eg prisa, Herre, for det er godt. For det friar meg ut or all naud, og på mine fiendar ser mitt auga med lyst.