9 And when he had opened the fifth seal, I saw under the altar the souls of them that were slain for the word of God, and for the testimony which they held:
10 And they cried with a loud voice, saying, How long, O Lord, holy and true, dost thou not judge and avenge our blood on them that dwell on the earth?
11 And white robes were given unto every one of them; and it was said unto them, that they should rest yet for a little season, until their fellowservants also and their brethren, that should be killed as they were, should be fulfilled.
1Til songmeisteren, etter «Liljor»; av Korahs born; ein salme til lærdom, ein song um kjærleik.
2Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg kved den song eg hev gjort til ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars penn.
3Du er den fagraste av menneskjeborni, ynde strøymer yver dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid.
4Gyrd ditt sverd til di lend, du velduge, di høgd og din herlegdom!
5Og far i din herlegdom fram med siger for sanning og spaklyndt rettferd! Og di høgre hand skal læra deg agelege storverk.
6Din piler er kveste - so folk fell under deg - dei gjeng inn i hjarta på kongens fiendar.
7Din kongsstol, Gud, stend æveleg og alltid, ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.
8Du elskar rettferd og hatar gudløysa, difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.
9Av myrra og aloe og kassia angar alle dine klæde; frå filsbeinshallar fagnar deg strengleik.
10Kongsdøtter er millom dine utvalde; dronningi stend ved di høgre hand i gull frå Ofir.
11Høyr, dotter, og sjå og bøyg øyra til, og gløym ditt folk og ditt farshus,
12og lat kongen hava hugnad i din fagerleik! for han er din herre, og du skal hylla honom.
13Og Tyrus’ dotter skal søkja ditt ynde med gåvor - dei rikaste av folket.
14Ovleg prud er kongsdotteri der inne; hennar klædnad er gjenomvoven med gull.
15I utsauma bunad vert ho leidd til kongen; møyar, hennar vener, fylgjer etter henne; dei vert førde inn til deg.
16Dei vert leidde fram med gleda og fagnad, dei gjeng inn i kongshalli.
17I staden for dine feder skal dine søner koma; du skal setja deim til hovdingar utyver heile jordi. Eg vil setja ditt namn eit minne millom alle ætter; difor skal folki lova deg æveleg og alltid.